Svalbard 4. -7. September

Fredag 4. september
Turen starta med buss frå Liknes kl. 6 til Sola, med Norwegian til Gardermoen, vidare om Tromsø og landa på Svalbard Lufthavn ca. kl. 18.00. Her venta bussen som tok oss på humpete veg til Longyearbyen og Svalbard Hotel /The Vault. Hotellet frå februar 2018 er det nyaste hotellet i byen, her var vi 3 netter. Så var det å flytta inn, skifta klær og ut i buss til Villmarksaften i Camp Barentz i Adventdalen, 10 kilometer utanfor Longyearbyen. Her blei vi delt i to grupper i kvar sin lavvo. Vertskapet var 2 unge flinke guidar, med våpen på aksla. Dei serverte varm suppe med kaffi og kake til dessert. Vi fekk høyra om Barenzt, om byen, om isbjørn og mykje meir.

Lørdag 5. september
Dagen starta med ein god frukost. Ein to timars busstur i byen og området starta med Adventsdalen. Ein stans med Isbjørnskiltet er obligatorisk for turistar. Meir interessant var den første flyplassen ved kanten av Adventselva. Her fekk vi sjå eit tysk flyvrak som i 1943 ikkje greidde å landa på grunn av gjørme. Vrakrestane låg i kanten av elva, denne kunne til tider fløyma kraftig opp. Andre ting å sjå, var det globale frølageret, fleire stader der det hadde vore gruvedrift, byen med kyrkja, gravplassen og til slutt Svalbard Museum. Heile tida med ei flott guide som var bergensar, kan henda den beste på turen.
Om ettermiddagen var vi med i gruve 3 nær Hotellneset. Dette var ei av gruvene til Store Norske Spitsbergen Kullkompani, nedlagt i 1996. Dette var ein tøff tur med hjelm og munnbind. Vi fekk verkeleg stor respekt for dei som jobba her. Einaste gruve i drift nå, er gruve 7, den leverer kol til kraftverket i byen.
Om kvelden gjekk turen til Huset, eit historisk bygg og sosial samlingsstad sidan huset blei reist i 1951. Vi var lova ein fem rettars middag, i tillegg var det eit par ekstra. Her var lokale råvarer pynta med mange uvanlege smaker – men ikkje eit «jorple». Kulinarisk nyting i tre timar.

Søndag 6. september
Båttur på ti timar i Isfjorden og inn til den nedlagte russiske gruvebyen Pyramiden. Den ligg i Billefjorden som og var namnet på båten vår. Nordover gjekk vi på vestsida, forbi Diabasodden der det i 2006 vart funne skjelett av dinosaurar. Vidare over Sassenfjorden og inn i Billefjorden til Nordenskiöldbreen. Heile tida var det mykje å sjå, dei spesielle fjella var aldri like. Det dukka opp ein sverm med kvitkval, og plutselig ropte nokon «isbjørn» Det var for grunt til at båten kunne gå nær, men vi såg to kvite prikkar og ein litt i frå. I kikkert var dei tydelege. Mikkel frå Nittedal var flink guide og samla oss på dekk når det var noko å sjå. Vi fekk servert eit måltid med grillmat og kunne kjøpa kaffi.
Pyramiden var ei oppleving. Denne russiske gruvebyen der det budde ca. tusen menneske, blei plutseleg fråflytta i 1998 og det såg ut som dei gjekk frå alt der dei sto. To russiske jenter guida oss (på engelsk) rundt i byen, inn i idrettshall, symjebasseng og enda opp i biblioteket, einaste staden med oppvarming. Det var tydeleg at russarane satsa stort på kultur, idrett og det var i si tid veksthus og dyrehald. Her er eit hotell og om sommaren folk som tek seg av turistar. Ei av guidane fekk eit årsskrift, det var ho veldig glad for, ho studerte norsk.
Båtturen tilbake gjekk på vestsida og der fekk vi sett mange reinsdyr og fleire kulturminne, som restar etter gruvedrift i Skansbukta og Svenskehuset på Kapp Thordsen, bygd i 1872. Her omkom 17 norske sjøfolk ein vinter, fordi dei hadde ete mat frå hermetikkboksar og blitt blyforgifta. Tilbake i Longyearbyen var det middag på Restaurant Polfareren.

Mandag 7. september
På grunn av endra flyavgangar fekk vi ekstra tid. Om føremiddagen var det shopping og besøk i det flotte museet. Sidan det ikkje er moms her, var varene billige. Så gjekk turen til Huset der det var foredrag av Tore Henriksen som kom til Svalbard med familien i 1964, eit og eit halvt år gamal. Han fortalde om barndom og oppvekst frå enkle kår i starten. Etter eit middagsmåltid, var det til hotellet og vidare til flyplassen. Etter ei mellomlanding i Tromsø der vi måtte ta ut heile bagasjen for ny sjekk og tollkontroll, landa vi på Gardermoen og gjekk rett på bussen kl. 24.00. Etter to pausar der vi fekk kjøpt litt mat og strekt beina, var vi på Liknes halv sju om morgonen, då var det 8. september.
I koronatider med mykje usikkerhet, var vi glade for vi fekk til turen. Vi var 36 personar pluss reiseleder Arne Lervik som har vore med oss fleire gonger. Turen var lagt opp av Sirdalsbussen i samarbeid med historielaget. På flyet måtte alle ha munnbind og det blei ført namnelister .Veret var greitt: 4-8 grader, lite vind på båtturen og litt dusjregn i blant. Unge guidar frå fleire land kunne leksa si, i tillegg til entusiasme og stolthet over å vera på Svalbard. Alt i alt: Ein flott tur der alle kom vel heim.

Ref.: ABE
Foto : Fleire