Tur over Tronåsen

Etter turar med fint ver, fekk vi denne søndagen gå i regn. Vi var likevel 16 som starta frå Tronvik og på toppen fekk vi to frå Sira med vidare. Turen gjekk på postvegen frå 1840 med ni slyng opp til stigning 1:3. Men som Ingvald Tjørnhom som leda turen sa: Det er bare 900 meter på ca 240 meter opp. Vi såg ingenting av utsikten over Lundevannet, men kunne nyta dei friske grønfargane og den gamle vegen delvis oppmura, med stabbesteinar, smijernsrekkverk og mura buffarar i tre svingar.

På toppen skulle vi rasta, det blei i den tette granskogen med paraplyar som «tak». Då vegen kom her, blei amtgrensa flytta frå Siraåna og opp hit. Rogalandsida med Lund høyrde då til Stavanger Amt og Bakke til Lister og Mandal Amt. Ei amtsgrensetavle av støypejern står på ei side av vegen og ei fylkesgrensetavle på andre sida, i 1919 fekk ein Rogaland og Vest-Agder fylke.

Frå toppen og ned til Bakke Bro er det 3,8 km. Bratte slyng øvst og her var skogen uthogd, så vi såg litt meir. Snart flata det ut og vi passerte Skogen med store nydyrkingar og vidare nedover til Lende og Siraåna. Her venta Egil Normann Eek på oss og han hadde mykje å fortelja om vegen, brua, kyrkja og lensmannsgarden. Då brua var heilt ny, hadde Ivar Aasen gått over på veg til Feda. Seinare nemnde han Hans Nilsen Hauge som gjekk over Tronåsen og spøta sokker.

Vi var med bort til lensmannsgarden der dei nå restaurerer huset og i kjellaren fekk vi sjå fangecella der blant andre Gjest Bårdsen sat ei stund. På kyrkjegarden såg vi det sermerkte kulturminnet «Hyrmannshella» frå 1200-talet.

Ingvald Tjørnhom hadde lagt opp turen. Han fortalde om vegen og Egil N Eek visste mykje om Sira og planar dei hadde for kulturminner.

Ref. og foto: ABE