Olsok 2011

Denne gongen var vi samla ved Hishommen 14 km nord for Kvinlog. Hisvatnet kraftverk ligg på venstre sida av vegen, Tom Arnt Lindeland orienterte litt om det, og det var høve til å sjå inn i kraftverket etter samlinga. Mellom 90 og 100 menneske var samla nede ved elva , ein tidlegare samlingsplass for ungdommen i øvre del av Fjotland. Torvløbakken gard selde rømmegraut og spekemat, saft, kaffi og kaker.

Johannes Risnes tok for seg utvandringa til Amerika frå vårt distrikt. Når reiste dei første ? Kvifor reiste dei? Og kor? Det første er ikkje godt å svara på, kanskje noen var med frå Holland før 1800, men frå midt på 1800-talet er det registrert fleire. Noen var eventyrlystne, andre reiste frå gjeld eller farskapssaker, men for dei fleste var det økonomiske årsaker, dei tente pengar og sende heim. Statane i Midtvesten mottok dei fleste i starten, dei var tømmerhoggarar og farmarar. Til slutt kom han inn på rosemålinga som var godt kjent i Amerika, og då var det Fjotland som vart nemnd. Kanskje burde det vore meir synleggjort her i kommunen?

Arny Egeland frå Fjotland, med mor Elly frå Moland like ved, og Kjell Breivik frå Hommersåk stod for musikken, det var countrymusikk, passa godt til temaet.

Fint og varmt og opphald var det, men sola forsvann tidleg bak Høgaheie om noe skulle nemnast som ikkje var positivt på ein elles veldig vellukka kveld.