Kenneth og Anne Berit til Giske

Lørdag 22. oktober var Kenneth og Anne-Berit invitert til Giske kommune på seminar. Leslie Bjørkelund er kulturkonsulent i Giske. Han laga til eit seminar om historielagsarbeid. Sidan vi har så mange medlemer i laget, blei vi plukka ut til å fortelja om laget. Sjølvsagt tok vi litt om Kvinesdal kommune og om aktivitetar og turar, alt med mange foto.

Leder i Landslaget for lokalhistorie, Beint Foss som også er leder for Agder Historielag, hadde innlegg og det hadde også generalsekretæren i landslaget, Hans Nissen.

Det var representantar frå alle sogelaga i Giske. Giske er ein øykommune nord for Ålesund og det er sogelag på kvar øy.

Vi landa på Vigra fredag kveld etter ein turbulent tur med storm i vindkasta. Neste morgon var flott og heile lørdagen hadde opphald. Vi fekk dessverre ikkje tid til å sjå så mykje av Giske, men vi fekk tid til ein liten tur til Ålesund før flyet gjekk. Då med ein tur i Jugendsenteret i “Kenneth-fart” og ein kaffikopp på ein kjent restaurant.

Ref.: ABE