Vi er nokre i historielaget som har
lyst til å ta ein tur til Bergen laurdag 25. april. Er du interessert, så sei
frå.
«Svar på
brevet frå Helga» er eit teaterstykke sett opp av Hordaland Teater /Riksteateret.
Dette er etter ein liten roman frå Island med same
namn. Forfattar er Bergsveinn Birgisson som var her i Kvinesdal i 2017 og
fortalde om den svarte viking. Han har skrive
doktoravhandling om Tjodolv si dikting.
Boka handlar om ein gamal sauebonde, islandsk natur –
og kjærleik.
Skodespelarane er Helge Jordal og Ragnhild
Gudbrandsen. Dei turnerte i år med Riksteateret og har fått gode terningkast.
Plan: Å vera med på forestillinga laurdag 25. april.
Det er tilbod om overnatting og forestilling for ca 900 kr., så må vi nok ha
litt mat etterpå – eller før. Vi tenkjer oss buss opp laurdag og heim søndag, dette
ikkje sjekka før vi veit meir.
Dette er ikkje påmelding, men for å sjå interessa.
Melding til Anne-Berit erfjor@online.no
41696220