Førjulsmøte med Kvinesdal Historielag

Tirsdag 7. des. kl. 19.00 på Kulturhuset. Etter eit kraftig snøvær og truande koronarestriksjonar var det 59 som møtte. Forfatteren Tore Renberg kom frå Stavanger og det var folk frå Kviteseid, Suldal, Kristiansand og andre stader, så historielagsfolk er ikkje lettskremt.

Etter eit fantastisk musikknummer på saxofon av Torstein Halvorsen, fekk Tore Renberg ordet. Han var fin å høyra på, fortalde og las frå eit par av bøkene sine. Han kjenner Knaben frå barneåra då ein onkel av han kjøpte eit «gruvehus». På butikken hadde han lese årsskrift frå historielaget og til og med skrive eit dikt om laget, vi fekk høyra det, han har og sett melodi til, men hadde ikkje med gitaren denne gongen. Kenneth takka han og ga han tre års medlemskap i laget.

Vi flytta opp i Kultursalen til dekka bord og julegraut med alt og kaffi med pepperkaker. Tore Renberg hadde med bøker folk kunne kjøpa, og prata med folk.

Etter pausen flytta vi ned att i kinosalen og fekk  meir musikk ved Torstein Halvorsen.

Paul Sveinall som har skrive boka om barnevandring, viste boka og fortalde om nokre av vandrarane. Vi fekk eit litt anna bilde av denne tida, det var ikkje bare trist og sørgelig. Det var ein måte å koma ut og fram på ved stor hjelp av mange som tok godt mot barna. Tilslutt fekk Kenneth han til å ta eit stev. Ein flott kveld med mykje kultur og samvær.

Ref. ABE