Ordførarens tur Narvestad – Spikkeland

Ordførarens tur, søndag 5. juli, gjekk i år frå Narvestad til Spikkeland, i sol og flott turver. Over 80 turfolk møtte i tunet hos Tone og Helge Heiland på Narvestad, som hadde ordna greie parkeringsplassar på jordet. Nokre kjørte/gjekk òg opp frå nedre Kvinlaug.


Historielaget har vore fleire gonger på Spikkeland, men mange hadde ikkje gått vegen frå Narvestad. Turen starta opp dei bratte kleivane frå Narvestad, men så går vegen slakt innover, ca. ein times gåtur. Det er eit flott skue når dei flotte bygningane under Spikkelandsknuten openberrar seg.


Familien Mørland frå Arendal kjøpte Spikkeland i 1910. Vegen var det første skipsreiar Mørland (han var for øvrig oldefar til Kjetil Mørland, som saman med Debrah Scarlett vann norsk MGP i 2015) bygde før han sette i gong storstilt utbygging av stort hus, uthus og sag på Spikkeland i 1925. Vatn blei senka, jordene drenert og grøfta. Alt tømmeret blei saga frå eigen skog. Anna materiale kom med båt til Øye, frakta opp til Narvestad, så ferja over åna og køyrt til Spikkeland med lastebil, ein Chevrolet 1928-modell som blei innkjøpt for byggearbeidet.


Mørland var ein snill og hjelpsam mann, som hjalp økonomisk og kausjonerte for mange. Han leid dermed store økonomiske tap under dei harde 30-åra. Mørland døydde i 1937. Spikkeland blei så seld til Maria og Olav Buset. Dei hadde fire barn, men Maria døydde tragisk i barsel i 1944. Familien flytta til Lillesand på 50-talet. Børild og Olav Kvinlaug kjøpte eigedommen som tilleggsjord til bruket på nedre Kvinlaug på 70 talet.


Kari og Kjell Kvinlaug eig nå bygningar og eigedom. Kjell hadde fyrt opp grillar og folk kosa seg med mat og prat. Han viste folk rundt i det 170 kvadratmeter store huset på to fulle etasjar, med bla. tre staselege stover, stort kjøkken, mange soverom og full kjellar med bla. stor baksteomn. Nokre måtte òg ned å sjå på saga som vart driven av ein petroleumsmotor frå 1912.


Børild Kvinlaug (Kjell sin far) budde av og til her i vekedagane vinterstid, så seint som på 1980-talet, når han dreiv i skogen. Når kveldane blei lange og stille på Spikkeland, fór han gjerne ned til syskena, Olav og Helga, og såg onsdagsepisoden av Falcon Crest!


Maria (mor til Kjell og kona til Børild), hadde gjerne sendt med middag han kunne varma dei dagane han var på Spikkeland. Men etter fleire dagars oppvarma kjøttsuppe, reiste han gjerne heim til Mygland alt på torsdagen, kunne Kjell fortelja.


Kari og Kjell har lagt ned mykje arbeid med å restaurere og halde bygningane på Spikkeland i god stand. Til dette har dei fått støtte frå Norsk Kulturminnefond, og fekk Kvinesdal kommunes bygningsvernpris i 2019. Ordføraren helste med gilde ord og heldt sitt sedvanlege gratislotteri. Folk kosa seg i bakkane rundt det velstelte tunet, før dei fleste gjekk turen ut og ned att til Narvestad, og nokre ned att til nedre Kvinlaug.


Ein fin dag i flotte omgivelsar! Takk til Kari og Kjell for gjestfrihet og at me igjen kunne koma til Spikkeland.