Olsoksamlinga 29. juli

Olsoksamlinga 29. juli, blei i år halden på Vonheim, Eiesland i Fjotland. Det blei eit flott arrangement med over 90 frammøtte. Foredrag, musikk, god mat og mykje prat stod på programmet.

Tor Sigbjørn Eiesland, ihuga og engasjert i Fjotland Ungdomslag i mange år, fortalde om laget og Vonheim. På sin lune og humoristiske måte drog han linene heilt frå det starta i 1913 og fram til i dag. Per Fjotlending, den handskrivne lagsprotokollen frå 1913-1957 er redigert og trykt opp.

Lagsarbeidet og lagsmøta til det frilyndte ungdomslaget inneheldt i tidlegare tider bla. folkeopplysing, opplesing og diskusjonar, historiefortelling, song og dikting, leik og dans og til og med teaterstykke vart sett opp. I nyare tid har det vore bla. bakstekurs, dansekurs, revyar, basarar og dansefestar. Lokalet blei oppgradert i 2002, og blir også utleigd til ulike arrangement.

Tor Sigbjørn har også vore ein pådrivar i «Fjotlandsmaal», som har samla inn over 8000 ord og uttrykk frå Fjotland.

Helge Johnny Eiesland, lokal trubadur, også frå Eiesland, stod for det musikalske innslaget. Med sin originale måte å handtere gitaren på, og med sine underfundige, humoristiske og sjølvkomponerte tekstar, vekte det stor begeistring blant eit småhumrande publikum. «Tag øve Neset» og «Isbilen», «Hallo, viltnemnde!» (frå elgen sin synsvinkel …) og «Kantslåten» (som ingen tek lenger …) slo godt an! Sokndal har Tønes, men Fjotland har Helge Johnny!

Så var me så heldige å ha besøk av Torbjørg Haugen, frå Sirdal, betre kjent som «Tante» og superkokk for bla. skiskyttareliten og Molde Fotballklubb. Ho har reist verda rundt, og sørga for at toppidrettsutøvarar har fått i seg «rett mat til rett tid», og då nytta det ikkje med for lite karbohydratar! Og maten må vera god for at matlysta skulle vera på topp.

Engelsken til Torbjørg er ikkje så god, men ho seier ein kjem langt med sirdølsk! Me fekk eit innblikk i kokkekvardagen på reisene rundt på mesterskap, i foredraget «På tur med tante». Kjøkkenforholda var ikkje alltid av dei beste og mange komiske situasjonar oppstod. Under OL i Torino hadde dei fem kvadratmeter kjøkken utstyrt med to kokeplater. Her skulle det dagleg lagast mat til 20 personar!

Etter foredraget serverte Torbjørg ein av sine gryterettar, som bla. Emil Hegle Svendsen likte så godt. Den falt også godt i smak på Vonheim, og ei av kokebøkene hennas, «Mat midt i blinken» gjekk unna som varmt kveitebrød. Enkle, gode oppskrifter basert på gamle mattradisjonar frå Sirdal, norsk natur, norske råstoff og norsk smak, men óg eksperimentere med nye smakar.

Ein flott kveld, som blei avslutta med kaker og kaffi og mykje god prat rundt bordene!Sjå også tekst og bilde lenger ned på sida.

Ref.: Anna Årstøl