Olsokfeiring 2009
29.juli klokka 19 var 95 personar samla ved Røylandsvadet, ein avstikkar på
Eftestølsvegen. Men det er eit stykke frå Røyland, så kvifor dette namnet?
Forklaringa er at driftene med dyr frå Jæren kom forbi her etter å ha fare
framom Lindeland, Eikeland og Røyland, ”bak” Fjotlandsfjellet, og hit. Her var
det greitt å kryssa Litleåne før dei gjekk vidare til Mjåvatn og så til Eiken.
Kåsøren Lars Mygland hadde eit aktuelt tema: Vatn. Først innom det jordnære og
kroppslege, så i meir overført betydning om ørkenvandring og lengt etter vatn,
til han avslutta med kvinna frå Samaria som bad om levande vatn. Godt mottatt,
det blei også musikken. Nils Ro og Kenneth Trælandshei på fele, Oddbjørn
Stakkeland på trompet, og Wenche Hunsbeth Svindland med religiøse folketonar og
med stev, ei god blanding. Ho uttrykte glede over igjen å få syngja i heimbygda
Fjotland. Vi avslutta med sal av rømmegraut, risgraut og spekemat levert av
Knaben Gruvekjøkken, mange godord å høyra om maten.
Og det beste av alt: Vi hadde litt blå himmel og fråver av vatn frå skyene under
heile arrangementet, ingen lengta etter akkurat det vatnet denne kvelden, trur
eg.