Olsok på Krågeland 29. juli
I partytelt ved alpinsenteret.
Krågeland ligg 410 moh , høgfjellsterreng og kort veg til fleire byar, veldig strategisk plassert.
Det regna godt, men letna utover kvelden, og partyteltet heldt regnet ute, noen vassdammar blei «drenert» bort så godt det let seg gjera. 65 personar møtte opp.
Musikk ved Ådne Svalastog på trøorgel, og ekteparet Lisa Haugeland og Herman Werner Gautefald, ho på fele, han på hardingfele. Dei møttest på Rauland, og der «møtte» ho også musikken til Trygve Eftestøl og skreiv masteroppgåve om han. Det var tydeleg at Trygve hadde inspirert dei. Vi fekk fleire slåttar etter han, også bruremarsjen etter Martin Eftestøl. Det blei veldig godt mottatt.
Bodil Krågeland fekk så ordet. Ho nemnde Torgrim Krågeland 1866-1943. Han fekk polio , var lærar mestedelen av tida på Kvinlog og var aktiv i bygda, spesielt i religiøst liv. Torgrim var ugift, han budde på Krågeland med to av systrene sine : Ingerid f. 1871 og Torborg f. 1874.Ho var gift med Olav Haddeland som reiste til USA og blei verande der. Son deira Peder ( 1909 – 95) overtok etter dei.
Torleif og Bodil flytta til Krågeland i 1975. For Bodil var det uvant å koma til ein heiegard med sauer, hesjing og høying og alt som høyrer med til eit småbruk, men ho treivst veldig bra. Dei bygde nytt hus. I 1999 døydde Torleif, Bodil blei buande til 2015.
I 2008 overtok Terje Aamot, systerson til Torleif, Krågeland . Han hadde gode minne etter mange besøk som liten. Besteforeldra Jenny og Peder , «mor og far», var gjestfrie, gleda seg over besøk, Jenny var flink med matlaging. Dei gjekk på ski, var med på jakt, fisking og bærplukking. Han har fiksa det gamle våningshuset, og familien bruker det mye.
Turisme.
Peder starta med å selja hyttetomter. I 1964 selde han tomt til Tore Mygland som fekk bygd Allfarheim . Det gjekk konkurs etter noen få år og har hatt fleire eigarar/leigarar. Men det var mye skiturisme i desse åra. 1985 starta dei med å byggja alpinbakken og varmestova. Initiativtakar var Toralf Haugland, og ordførar Arnold Omland var den første som sette utfor . Vekslande snøtilhøve har gjort det vanskeleg å få det til å lønna seg. Det er 160 hytter i dag, over halvparten høyrer til Terje sin eigedom.
I dag er det Pål Vegard og May Tone Josdal som eig alpinsenteret.
Rømme- og risengrynsgraut , flattbrød og spekemat blei servert, og 4 skuffekaker. Grauten var som vanleg laga av Kjellaug Hystad og Irene Hjemlestad, mye improvisasjon denne gongen med gryter og kokeplater, men eit veldig vellukka resultat. God avslutning på ein fin kveld.
Ref. Turid Stakkeland