Nedre Stakkeland til Risøyne
Ordføraren
sin tur 3.juli starta på nedre Stakkeland med litt orientering
om bruka her og sambandet til kverna i Stisvollen. I 1852 blei nedre
Stakkeland delt mellom to brør, og Tormund Joson blei eigar av
bnr 4. Han må ha sett opp kverna som vart restaurert i 2015.
Rundt 20 år seinare kjøpte
Peder Elias Narvestad eit stykke av svogeren Tormund, bnr 7, sidan
har desse to bruka hatt kverna ilag. Arne
Stakkeland fortalde litt om korleis det var å veksa opp på
Stakkeland.
Turen gjekk så ut
stien til Kvedne i Stisvollen som fekk bygningsvernprisen i 2015. Per
Sverre Kvinlaug orienterte om ekstremveret som raserte så mye,
om oppattbyggjing og restaurering. Og så fekk vi flott
trompetspel frå Oddbjørn Stakkeland, det blei veldig
stemningsfullt med sus av fossen i bakgrunnen. Vidare gjekk vi ned
til Hagen og ut skogsvegen. I Lian fekk folk velja om dei ville
fortsetja skogsvegen eller følgja den gamle ferdselsvegen ned
til Risøyne, mange valde det siste. Tom Stakkeland viste veg,
det var litt ulendt og bratt somme stader, og vi brukte lenger tid
ein dei som gjekk skogsvegen, men det var verdt det.
Så
samlast vi ved hengebrua på Risøyne. Det var ei
hengebru her tidlegare, bare brukara stod att. Kvifor ei bru her? Det
har antageleg vore ei kvern opp i lia der, og dei måtte koma
over elva på ein grei måte, kanskje det var grunnen. Odd
Stakkeland orienterte om brua, og seinare om høyløa,
begge deler har Kvinlog skule hatt som prosjekt. Han takka grunneigar
Andreas Mygland for velvilje. Oddbjørn stod på brua og
spelte melodien til Fjotlandssongen av Sverre Eftestøl. Eit
høgdepunkt !
Men vi kunne ikkje vera i Risøyne
utan å nemna Tore Asbjørnsen, rosemålaren, kanskje
den mest kjende av alle fjotlendingar. Tønnes T. Kvinlaug
fortalde litt om livet hans, om Tonstadbua, Grindheim kyrkje m.m.
Siste etappe gjekk over ei nesten tørrlagt elv til Liægrå på fastlandet på Stakkelandssida. Ola V, far til Tom kjøpte dette bruket i 1945 og hadde det til 1955. Dei budde her i sommarhalvåret, det var store og flate, fine jorde her. Høyet blei «balla», rodd i pram over elva og kjørt vidare med lastebil til Hagen der dei budde om vinteren. Tom hadde gode minne frå den tida, sjølv om det var tungvint utan veg. Han må stadig tilbake til Risøyne.
Dagen vart avslutta med Fjotlandssongen etter ønskje frå mange.
Ref. og foto: Turid Stakkeland.