Naturlostur fra Josdal til Salmeli
Denne turen var eit samarbeid mellom Sirdal og Kvinesdal Historielag og Agder friluftsråd, ein naturlostur. Torfinn Hageland og Solveig Egeland var med oss som naturlosar. Vi følgde den gamle kyrkje- og driftevegen.
Den største spenninga denne dagen var veret. Fleire hadde signalisert at dei ville vera med om det ikkje regna, 15 – 16 km eller 5 – 6 timar i regn var ikkje så fristande.
Det kunne bli 20 – 30 personar, eller det dobbelte.
Bussen frå Kvinlog kl. 10.30 vart meir enn full. Enten så stolte ikkje folk på vermeldingane, eller så ville dei gå uansett. På Tonstad stod det også ein del personar kl. 11.00,
dei måtte kjøra sjølv til Atlakstølen/ Josdalstippen. Sjåføren fekk ordna med ein ekstra buss frå Salmelid tilbake til Kvinlog. 101 personar var med på turen, hadde nokon kome til.
Terrenget var flott og lett å gå i, første delen opp til Rabnestøl gjekk på traktorveg, svak oppstigning heile vegen. Rabnestøljuvet var slett ikkje så avskrekkande. Men gjekk dei verkeleg opp der med kyr?
Etter det var det høgfjell med lite vegetasjon, før det halla svakt nedover att mot Atlakstølen som høyrer til Guddal/ Rostøl. Siste delen følgde vi ein tydeleg sti langsmed ein bekk, litt myrete deler av vegen.
Naturlos Torfinn Hageland gjorde det han kunne for å halda folk samla og informera oss undervegs. Men regnet som kom etter kvart og kulden gjorde det vanskeleg, vi vart ei veldig, veldig lang rekke. Men ein del av oss fekk høyra om brudlene, og studera utsikten mot Knaben, eller kanskje vi skal seia utsiktsplassen. I dag var det stort sett grå skodde vi såg.
På Salmeli venta dei med lappar, kaffi og saft til omkring 70 personar, som alle forstår vart det for lite lappar, men nok kaffi og saft. Solveig Egeland måtte gi opp å samla folk til felles informasjon.
Regnet, kulden og ikkje minst skodda øydela litt for oss, men så mykje såg vi at det fristar veldig å gå turen om att. Men utan regn og skodde.S