Kjedel Jerstad
«Turen gjekk på èin måte i fotspora til Kjedel Bjørnsen – Berstøl – Jerstad. Oppvokst i Møjedalen, Flytta til Berstøl og budde der til 1856 da han kjøpte 2 garder på Jerstad og budde der noen år før han flytta til Kristiansand. Her er utskrift frå Ånen Årli si skildring. KJEDEL JERSTAD
Kjedel var hestehandlar av den gamle skulen. Segna seier at han selde både daue og levande hestar. For 100 år sidan gjekk det segn om at han mista ein verdifull hest i Hestehola i Berstøl. Då han fann att hesten, var det bare eit kadaver fullt av makk. Ein av grannane ville gjerne kjøpa hesten, men Kjedel forlangte 10 dalar. Ein hestehandlar spurte om ikkje hesten var doven. Kjedel sa at hesten var dau og doven, dau og doven.
«Det er vel liv i’an?» «Ja tenk liv, det er tusen liv». Dette er nok ei vandresegn, for den same segna gjekk i Kvås lenge før Kjedel blei født.
Når Kjedel var i godlag, kalla han seg Bjødnungen. Det var rett nok for faren heitte Bjørn og var komen frå Møgedal. Når det blei mørkt, var Kjedel alt anna enn modig. Dersom han høyrde ugleskrik om kvelden, blei han så redd at han skalv. Då sa han at nå måtte han nok ut på den siste reisa. Ugleskrik var det siste varsel ein fekk.
Kona hans heitte Anna, men dei kalla ho KjedelsAnna. Då ho døydde, måtte einkvan sitja vakt over liket første natta.
Dei bad Kjedel sitja vakt nokre timar. Han ville ikkje syna at han var redd. Hunden deira hadde lagt seg ved sida av liket. Utpå natta tok hunden til å røra på seg. Då blei Kjedel mest vetskræmd og sprang ut og ropa: «Nå kjem ho! Nå kjem ho!»
Ein gong skulle Kjedel til Liknes med slede på sommarføre. Det var ingen hjulveg på den tida. Då han skulle over brua midt for Lian, fann han eit lik som hadde glide ut or kista. Det tok han opp og surra på lasset. Folk kytte av den sterke hesten hans, men Kjedel sa at han skulle tatt med 20 lik, hadde han bare funne så mange.
Risengrynsgraut var reine høgtidskost for 100 år sidan. Dei som hadde god råd, ville gjerne ha grynegraut på julafta. Det var få som hadde mjølk nok til ei grautgryte. Gryna var dyre å kjøpa. Dei koka grauten i skorsteinen. Det var få som hadde komfyr.
Kjedel ville halda gjestebod for ungdommen på Jerstad. Han hadde betre råd enn dei fleste på garden. Dei koka ei stor grautgryte. Det var ein på garden som ikkje blei bedt inn. Han ville ikkje Kjedel sjå ved matbordet. Denne svor hemn. Grauten koka og dei unge venta på å få sitja rundt bordet med ei stor skål graut framfor seg.
Den ubedne gjesten kleiv opp på hustaket. Han sette seg på toppen av skorsteinspipa og gjorde sitt rett ned i grautgryta. Han kom seg ned av taket i ein fart og fekk gøymt seg undan. Lars Andreas Hunsbedt sa at dei hadde slått han i hel hadde dei funne han.
Kjedel var den siste som budde i Berstøl. Han selde Berstøl og flytta til Jerstad og blei eigar av 2 bruk. Han flytta frå Jerstad som ein rik mann og døydde i Kristiansand i 1894.
Han er nemnd på Jerstad i folketelinga for 1865: Kiddel Bjørnsen 62 år, gift med Anna Ånensdatter 59 år. Datter Kristine Kiddelsdatter 14 år. Dei før 1 hest, 6 kyr og 3 sauer.
Kjedel hadde ei datter som blei gift til Bakken i Hægebostad. Der er stor etterslekt. Yngste datter til Kjedel heitte Kristine og blei gift med Ole A. Stokke-land. Her er og stor etterslekt. Begge døtrene til Kjedel døydde i 1888. Sjå Kvinesdalsboka, bind 1 side 165 og Hægebostad boka side 266.
Det er trulig Kjedel som har fått æra av fleire skrøner frå Berstøl.
Bak husa i Berstøl stod ei osp som var så høg at når dei kleiv opp i toppen av treet, kunne dei sjå over havet til Danmark.
Det var ingen stad dei avla så store poteter som i Berstøl. Åkeren låg i ein bratt bakke. Då dei tok opp potetene, kom ein potet på trilt ned bakken mot husa og reiv bort eine hjørnet av husmuren.
Ein gong hadde eigaren av Berstøl fanga ein ål i Hagevatnet. Den var så stor at han måtte heim etter hesten for å dra ålen heim. Det er langt frå husa i Berstøl til Hagevatnet. Han kjørte ålen på slep rundt huset og ennå låg rumpa att i Hagevatnet.»