Julemøte 2019

JULEMØTE i Kvinesdal kulturhus 20.nov. 2019.
Møtet dette året var i kinosalen, bra for dei som skulle høyra på og delta, men litt problematisk med grautserveringa. Noen bord og stolar blei plasserte i gangen, resten måtte eta stånde. Dei rundt 140 frammøtte var likevel godt nøgde og ordna seg som best dei kunne.

Temaet for møtet var fylkesgrensa mellom Aust og Vest Agder som er historie frå 1.jan 2020. Olav Grendstad har padla og gått den 30 mil lange grensa for å dokumentera den, og ved hjelp av GPS fann han grensa nøyaktig slik at han gjekk med ein fot i kvart fylke. 43 dagsetappar blei det frå Sirdal til havet. Det gjekk opp og ned, gjennom vatn, over fjell og hei, i kratt og ulendt terreng. Til og med tvers gjennom hus og tun gjekk grensa. Han samanlikna Vest Agder med ein pågåande og aggressiv beilar som tok for seg, medan Aust Agder var ei prippen frøken som både ville og ikkje ville. Ved hjelp av film og humor blei det ein svært vellukka og instruktiv kveld.

Musikalsk innslag ved Øystein og Grethe Stulien Lauen, og Torvald 11 år. Dei brukte fele, gitar og piano, og repertoaret var frå Fager kveldsol smiler til country og eit par sjølvlaga viser.