Høstmøte 2006
Kvinesdal Historielag hadde sitt haustmøte 28. september på Øye Grendehus.
Egil Johan Ree, kjent frå NRK og forfattar av lokalhistorie, kom frå Stavanger
og hadde sagt han ville kåsera om gamle dagar. Han tok utgangspunkt i sin eigen
barndom på bondegard på Ree i Time, grannelaget der og sine forfedre. Han
fortalde om dokument og gamle utklipp som hadde gitt han kunnskap om folk og
levemåtar. Nær 100 personar hadde møtt fram og ga utrykk for at dei koste seg.
Medlem nr. 900 i laget blei Agny Svindland, ho fekk bokpakke i gåve.
Johannes Hamre viste bilde frå turen i mars til Italia. Mange som var med på
turen, fekk friska opp minnet om Colosseum og andre stader.
Det var sosial matpause med kaffi og kringle. Det blei nok mest sosialt og ikkje
så mykje kringle. Neste år må vi skaffa fleire.