Fottur til Tyskarheia på Mygland

Søndag, 19. april møtte 42 tur- og historieglade, i alle aldrar, opp i tunet hos Miriam og Petter Goa Kvinlaug, på garden Myre på Mygland. Fotturen var delt i fleire etappar, og ein kunne velje mellom kort og lang løype. Siri Mygland og Ivar Kvinlaug var med som kunnskapsrike og gode formidlarar av lokalhistorie på Mygland.

Turen starta opp stien som var kyrkjeveg opp Fjotlandsdalen. På toppen ligg den såkalla Tyskarheia. Her er via utsikt, og det vart etablert ein norsk flyobservasjonspost her i 1939. Så skifta dei lokale på å gå dei tunge bakkane opp for å sitja på post i den litle bua.

Så kom tyskarane og okkuperte huset til Martin Mygland (der Karl og Liv Synnøve Skeie Mygland bur nå). Dei sette opp ei svær brakke her oppe, som husa 15 mann. Nå er berre restane av den utgravne kjellaren og murane att. Det er også restar av ei skyttargrav der. Dei tyske soldatane på Mygland var visst etter forholda nokså greie. Dei gjekk ikkje på ski, men sparka litt fotball med dei lokale gutane. Fleire av dei skal ha uttrykt at dei var i mot heile krigen. Men alternativet for dei var vel betre å bli stasjonert på Mygland, enn på bli sendt til Austfronten.

Nede att i hyttetunet hos Siri Mygland og Tronn Thoresen i Kringlemyr, vart det ein god rast. Ivar fortalde litt om historia til Mygland, som med rette kjem av namnet Myklaland, og tyder ‘stort land’. Her er ope landskap og store jorder. På Gamle Mygland, som ligg lenger opp på andre sida av Myre, finn ein restar av fleire gamle gravhaugar frå folkevandringstida. Her er óg funne jernslagg etter jernutvinning. Etter kalde år med «fimbulvinter» endra klimaet seg. Gamle Mygland blei ein øydegard under Veggeland. Bruka og busetjinga blei flytta lenger ned, og etter kvart delt opp.

Andre turetappe gjekk vidare ned Tobakkskaret og inn Fossdalen. Fossdalen høyrde før under Fjotland, og går opp vassdraget til Litlåna. Vidare kan ein gå nordover til Kvæven, Kleivan, Svarte Lona, Eftestøl og Mjåvatn.

Følgjet tok ein stopp ved det som truleg var husmannsplassen der Bjødn-Atlak budde ei tid. Han var gift to gonger og hadde 11 barn, hadde det fattigsleg og flytta mykje, bla. til Øyslebø. Men han lengta tilbake til Fjotland, og skal ha gått strekninga fram og tilbake mange gonger. Han var ein stor og sterk kar, og alt som 18-åring måtte han ta livet av ein bjørn han møtte på under gjeting i drifteheia mot Knaben. Dette fekk han 40 dalar i skotpremie for. Bjødn-Atlak døydde i 1909 i Herad, og blei 95 år. Han skal ha drepe minst 8 bjørnar.

Vidare nordover gjekk me så over Vordalsbrua, som var offentleg rideveg mellom Fjotland og Hægebostad fram til 1871. Så vidare opp og over Vordalsbergan og ned til Vordalen. Her har eigaren, Knut Petter Netland sett i stand dei gamle bygningane på eigedommen, og fekk bygningsvernprisen i 1999. Nedover Vordalsvegen passerte me det gamle handelslagsbygget, som blei flytta ned her frå Mygland. Så bar det over Bergan, Kvæven og ned att til Fossdalen og dammen i Skaret i Litlåna, og opp att til utgangspunktet i tunet på Mygland.

Siri kunne avslutningsvis fortelje om ein av onklane hennas som i si tid hadde funne ein handgranat. Denne tykte Siri si farmor at var så fin at ho hadde han i hylla (!). Men då onkel Asbjørn kom heim og fekk sett dette, tok han handgranaten med seg bak floren og sprengde han …

Turen starta og slutta i sol, med litt aprilregn midt i. Mange takk til Ivar og Siri, og til alle som deltok på denne flotte turen.

Ref.: Anna Årstøl