Førjulsmøte 2022

På førjulsmøte til historielaget møtte ca 110 personar. Oddbjørn Stakkeland og Tom Gallatin fekk opp julestemninga i kinosalen med vakker og variert musikk.
Så fekk Jan Jørg Tomstad ordet. Han kalla sitt foredrag:»Min fars kamp under og etter 2. verdenskrig», og fortalde om Gunvald Tomstad, slik han opplevde det var å veksa opp saman med ein far som var prega av krigen. Jan Jørg hadde dokumenterte opplysningar frå krigsåra og sterke og såre minne frå barndom og ungdom. Vi trur aldri vi har hatt eit møte der alle i salen har vore så med. Fleire sa etterpå at det var det beste møtet vi hadde hatt.
Fleire fekk prata med Jan Jørg etterpå, det var så vidt han fekk tid til å eta risgrøt oppe i kultursalen. God grøt med alt til og kaffi var det Merete Breimoen som ordna med.
Ref. : ABE