Ei fortelling om Gunforsmoen opp gjennom årane.
Av Lisbeth Høydal
Me var ikkje så store Trygve bror min og eg då me var med til Gunforsmoen og Hærestøl, Trygve var 9 år og eg var 11 år.
Me hadde slåttemark i Gunforsdalen og i Hærestøl, men på Gunforsmoen var der ei hytta som me sov i. Det var Johan Knibestøl si hytta, bestefar til Øyvin Knibestøl.
I gamle dagar slo alle som hadde slåtemark på heia, det blei mindre etter kvart, men under andre verdenskrig skjedde det noe rart. Det kom noen markar som åt opp alt graset heime, og det gjekk fort. På ei lita stund hadde dei snaua alt, det var verst i 41-42 – 43 så då måtte alle på heia og slå.
Når dei slo på heia var der ikkje løer til alt høyet, så då sette dei opp stakkar og tekte dei med ei torva på toppen. Høyet blei kjørt heim på vinterføre. Dei snaue stakkestengene stod i årevis etter dei var brukt rundt heia.
Det var så koselig om kveldane på Gunforsmoen. Då samla folk seg frå fleire hytter rundt og sat på tunet attmed den gamle slipesteinen og fortalde om skrymt og trolldom. Og i Atlaksnuten budde markensgasten og såg etter at ingen gjekk å flytta på bydesteinar,
I 1950 åran kjøpte far min Severin Galdal og Selmer Galdal eit stykke av Gunforsmoen av Anna og Torvald Vatland. Så reiste Selmer til Amerika , og far min og John Høydal bygde hytta som står her nå, den er bygd av den gamle stova heima som blei reven når det nya huset heima blei bygd i 54 på Galdal.
Det er ein ynda plass, i alle år har me tre søstrene Solveig, Martha og eg traska til Gunforsmoen, etter kvart fekk me ungdommen til å bera sekkane, og nå kjøre me med sekshjularen. Dag Adolfsen lagde kjøreveg heilt opp til Berkjetjernet og sidan er det slette myran inn til Gunforsmoen. Og der har me hatt det fint, bært vatn, koka mat og spela kort – spardame, og når ein sit rundt bålet på kvelden kan ein ikkje ha det betre.
Nå er me blitt gamle og kan ikkje sova over på Gunforsmoen, men minnan kan me leva på.