Amerika tur
Generelt om turen.
Det vart ein på alle måtar vellukka tur. Vi var 28 personar med ledarar, alle aldrar, fine hotellrom og eit variert opplegg. Vi fekk ”shoppa” omtrent det vi ville, fleire måtte kjøpa nye koffertar. Men veret var omtrent som hausten heime, det vil seia at det blei bruk for både T- skjorter og regnjakker, vi opplevde lyn, torever, regn og sol.
Maten var godt etande, men eg trur kanskje vi har hatt nok frukostar med bacon, egg og toast for ei stund, vi sakna frukt og grønnsaker.
Fire statar var vi innom: Minnesota , vår base, Iowa, Nord og Sør- Dakota.
Terrenget i sør var ganske kuppert, men i Nord Dakota var det flatt……
Overalt møtte vi vennlege folk. Snakka vi saman på norsk kom det folk til oss og sa :
– Where are you guys from ?
– From Norway.
– Oh, my grandfather/ grandmother came from…….
Og til slutt: Som representantar for eit historielag måtte vi innom fleire museum, college grunnlagt av norske, kyrkjegardar med norske namn og liknande. Noen av oss var også så heldige at vi møtte nære slektningar, meir om det nedanfor.
Frå dag til dag, for spesielt interesserte.
Fredag 28. sept. kl. 12.00 ( kl. 19.00 norsk tid ) stod vi på flyplassen i Minneapolis og venta på Terje Solheim frå Solheim tours og minibussen hans klar til å kjøra til Bloomington, eigen by attmed Minneapolis og St. Paul. Terje tok seg av det praktiske opplegget, medan Johannes Risnes var ansvarleg for innhaldet.
Der fekk vi streng beskjed om å halda oss vakne i alle fall til 6-7 tida. Det beste botemiddelet var kjøpesenteret Mall of America.
Laurdag 29. sept.
Sightseeing og shopping i Minneapolis, lokal sjåfør med skulebussen sin.
Om kvelden vart heile gruppa invitert heim til Gene og Myrtle Brandsvold, ( sjå bilete) han er kasserar i styret for Sons of Norway, hadde slekt i Hemsedal.
Søndag 30. sept.
Besøk i Emmaus Lutheran Church, Bloomington. Der deltok vi på gudsteneste nr. 2 som hadde eit meir frikyrkjeleg preg. Tidlegare hadde dei hatt ei meir tradisjonell luthersk gudsteneste. Der traff vi Irene ( sjå bilete) og Duane Oines for første gong, ho hadde bestemor frå Stakkeland, Anna Toresd. og bestefar frå Kvinlog: Bernt Gunnuson. Karen, syster til Anna, vart att i Norge, ho var gift med Tønnes Jakobsen Kvinlaug, ”unna Huknuden”, så Irene er tremenning til alle Karens og Tønnes sine barnebarn. Ho og mannen har vore fleire gonger i Norge. Etter gudstenesta inviterte dei oss heim på lunsj. Vi traff Irene og Duane att torsdag 4.okt.
Om kvelden var det besøk av slektningar i matsalen ved hotellet. Tønnes T. Kvinlog fekk møte ein del slektningar, Anne Marie, syster mi, og eg trefte eit par tremenningar: barnebarna til Juliane f. Stakkeland, syster til mi farmor, og Tore Årstøl, bror til Anna Årstøls farmor. Tore kalte seg Theodor Knutsen der borte, han var ein av sju brør som flytta til USA. Anna tok dermed prisen: Omkring 30 av hennar slektningar møtte opp.
Måndag 1. okt. 07
Tur sørover til Decorah i delstaten Iowa. Her fekk vi omvising på Vesterheim Museum, eit norsk museum med bustadhus, skulehus, ulike uthus og kyrkje. Ein av guidane gjekk i busserull og snakka forståeleg norsk. Det mest spesielle her var ei rosemalt kiste frå Ryggesås i Vesterdalen. Indianarane hadde tatt kista og levert henne til museet 40 år seinare, i god stand.. ( Sjå bilete )
Tysdag 2. okt.
Lang busstur nordover til Grand Forks, North Dakota. Her opplevde vi prærien, det var mye flatare enn det flataste på Jæren, kan godt forstå nybyggjarkona som måtte få laga til ein jordhaug for å ha noe å festa augene på. Vi såg maisåker på maisåker, lengst i nord dyrka dei poteter og sukkerroer. Plogfurene kunne vera 3 km lange fekk vi høyra.
Onsdag 3. okt.
Etter ei natt i Grand Forks, kjørte vi sørover att. Bonden Duane Myron møtte oss og tok oss med til farmen sin i Thompson, Red River Valley of the North. På vegen var vi innom Bygland Kirke, vi såg Øst Valle Kirke og Vest Valle kirke sistnemnde låg rett attmed farmen. Her hadde altså setesdølar slått seg ned, setesdølsk blei snakka der borte framleis. Korleis kunne dei trivast der utan eit einaste fjell?
Kona til Duane, Sharon, var spesielt interessert i musikk, ho greidde å skaffa Nils Ro ei fele, Tønnes T. Kvinlaug og Elfrid Ovedal kvart sitt trekkspel, dessverre ikkje knappespel, Terje Solheim hadde medbrakt gitar , sjølv spelte ho trekkspel. Vi andre song, på engelsk og norsk, folkeviser og andre viser, til og med Musevisa av Alf Prøysen. ( Sjå bilete) Serveringa var enkel og god.
Om kvelden ankomst eit indianerkasino i Watertown, South Dakota der vi overnatta. Alle fekk 5 dollar til bruk i kasinoet, det blei ikkje så stor forandring reint økonomisk for noen av oss, trur eg. Fotografering inne var forbudt, elles hadde det vore flott med eit foto av ein kjekk indianar med lang svart flette.
Torsdag 4. okt.
Den blei kalla ” The official Tønnes Kvinlaug Day”, og vart kanskje høgdepunktet på turen for fleire av oss. Vi var innom eit kunstsenter i Watertown, Terry Redlin art Centre, så sørover til Volga. Først på kyrkjegarden der vi fann mange graver med norske namn, Kvinlog bl.a. Eg tykte det var spesielt å sjå namna til Tore Stakkeland og Malena Stakkeland, dei er Tønnes sine oldeforeldre, hadde hus i min ripsebærhage på Stakkeland. Dei var foreldra til førnemnde Anna ( og Karen Kvinlaug ), og hadde følgt med dattera då Bernt Gunnuson var i Noreg og henta henne. Sonen Andreas;( Andrew) vart også med, han flytta til vestkysten ein stad, og slekta hans har behalde Stakkeland som etternamn.
Her møtte vi att Irene og Duane Oines på garden der ho hadde vakse opp, jorda var vekkleigd, huset var no bare feriehus.
No var vi verkeleg i huset på prærien. Huset var bygt av Bengt Gunnuson Kvinlog etter at han hadde gifta seg med Anna Toresd. Stakkeland, før det budde han med far sin i ei jordgamme i 20 år. Tore, Malene og Andreas, fekk seg sitt eige, men Bengt døydde nokså tidleg og så flytta dei tilbake til Anna og dei to døtrene hennar.
Medan vi sat der, kom det ein bonde på besøk, Bob Nelson. Han var slektning til Tønnes på Kvinlaugsida, mor hans og Tønnes var tremenningar. Langt uti slekta altså, men her var det ingen tvil om slektskapen, både fakter og utsjånad stemte.
Han ville visa oss farmen som han og sønene dreiv, for tida var det treskjing av mais. Interessant for alle bøndene på turen. Tilbake til Bloomington om kvelden.
Fredag 5. oktober.
Siste heile dag i USA. Den blei brukt i Minneapolisområdet. Først besøkte vi St. Olafs College, Northfield, grunnlagt av nordmenn. Dei hadde stort arkiv med brev på norsk frå folk i Noreg til slektningar i USA. Men breva som vart skrivne i USA og sendt til slekt i Noreg hadde dei mindre av. Dei var derfor svært interesserte i å få kopiar frå Noreg, ei oppfordring altså.
Deretter besøkte vi Augsburg College som låg midt i byen Minneapolis, foredrag på norsk om historia til skulen, i det heile vart vi mottekne som det vi var: Eit historielag frå Kvinesdal, med spesiell interesse for historie, norsk servering fekk vi og: Kaffi; te og frukt! Eg tok ikkje bilete inne, så det er umogleg å seia kven som duppa av på slutten og kven som følgde oppmerksomt med heile tida.
Om kvelden vart noen av oss invitert med heim til Kathy og Stewart McIntosh. Ho var barnebarnet til Juliane og Theodor Knutson. Anna Årstøl var tremenning på farfaren si side, Tønnes, Anne Marie og eg på farmora si side. Stanley Røynestad; mannen til Anna var også med. Vi var først på besøk på kyrkjegarden og tok bilete av gravsteinane, såg huset der Juliane og Theodor budde og så til enkel og god servering heime hos dei, i St. Paul. Vi fann tonen fort, det var ein fantastisk slutt på ei flott veke for oss. Dei andre hadde felles middag.
Laurdag 6. okt.
Felles frukost på hotellet med ”talar” og gåver , litt shopping før vi for frå Minneapolis kl. 13.20, mellomlanding Washington og Amsterdam, ankomst Kjevik søndag 7. okt. kl. 11.50 ( norsk tid ) 4.50 ( MN tid) .