Tur til Knibeknuden , Kristi Himmelfartsdag 18.mai 2023.

Vi kjører med privatbilar frå Liknes kl 10.00 , som vanleg. Men det går også an å kjøra direkte til Knibestøl. Vi prøver å finna plass til å parkera attmed huset etter Leiv Knibestøl og langs med vegen oppover. Viktig å fylla opp bilane, det er ikkje flust med parkeringsplassar.
Vi startar i tunet på Knibestøl med litt orientering. Og så går vi på ein fin grusveg mot Årstøl eit lite stykke til vi svingar av mot Knuden.
Deretter er det på sti, litt myr og fjell, jamn stigning på omlag 200 m til Knibeknuden som ligg på 461 moh. Den siste delen av stien er merka med små vardar, kalla «knydingar». Vi reknar med å bruka bortimot ein time opp, med moderat gange. På toppen er det flott utsikt i alle retningar.

Leiv Gunnar Skiftun har sportsandakt.