Tur til Gunforsmoen Steintland 27. 08. 23

Vel møtt til å gå den siste turen saman med historielaget i 23.
Det er start ved promenaden kl 10.00 som vanleg, kjør opp Austerdalen til skiltet inn til Bruli, litt forbi Galdal. Der svingar du inn og kjører til Steintland omtrent 3 km. Der parkerer me.

Frå Steintland er det litt stigning i starten på god grusveg omtrent 2/3 av den ca 5km lange strekningen. Ved Berketjørn går me over på god synleg 4? 6? hjularveg, litt blautt somme stader, men heilt greitt å gå.

På Gunforsmoen står der eit fint og velstelt lite hus, og fint og velstelt rundt huset. Huset var flytta frå Galdal av dei som eig plassen. Det er bl.a. 3 søstre Bette Høydal, Marta Rostøl og Solveig Rostøl. Son til Marta, Tommy, vil kjøra desse tre inn på 4(6) hjular.

Det mest spennande er kanskje veret, men vi får kle oss fornuftig. Me håper på ein fin tur med god oppslutning.

Jan Arve Røiseland, Ragnhild Høydal og Turid Stakkeland.