Tur til Buheii 28. august

Søndag 28.aug blir det ny tur med historielaget. Denne turen står omtalt i Naturlosheftet, men vi går motsatt veg og kjører ein del av vegen.

Avgang frå Promenaden kl 10.00, kjør 2 km forbi Netland, stopp ved Risateltet.  Herifrå kjører vi samla ca kl 11.00 opp mot Buheii, fyll opp bilane. Torfinn Hageland blir med og vil orientera om kulturminne langsmed vegen, fleire korte stopp.

Ned att kan dei som vil kjøra samme vegen tilbake, men vi håper dei fleste vil vera med å gå ein ganske godt synleg sti ned mot Falkefjellstien, og så vidare til Nesjenvegen 2 km nord frå Risnes der noen bilar må stå parkert.

Gåturen går først på fjell, så lynghei, og det heilt siste stykket er myrete og litt blautt. Anbefaler gode fjellsko. 2-3 timar tek gåturen med moderat gange.

Det er 4-500 m i høgdeforskjell, jamn nedstigning. Tlf 94131308.