«Tur Håland 500 moh – Førlandsås 400 moh ( Åså ) søndag 12.juni.

Turen er ein del av kyrkjevegen Knaben – Fjotland, er omkring 12 km lang , og me reknar med å bruka 4-5 timar. Me gjekk denne turen i 2011, det var ein våt tur (!) , får håpa på mindre regn denne gongen. På Håland er eigaren Ivar Risnes på plass, han vil fortelja om garden og huset , og Sigbjørn Risnes vil sei litt om turen før me går vidare. Håland er vel verdt eit besøk, der står bl a den eldste (?) traktoren i Kvinesdal, i alle fall i Fjotland. Det blir anledning til å sjå seg rundt i huset.
Me må vera klare til å gå før 12.00, og då kan folk velja om dei vil vera med heilt til Åså, eller gå ein del av vegen, snu og gå tilbake til Håland og ha ein fin dag der.. Turen går i fint fjellterreng, litt myr, og litt stigning , opp og ned, dei siste km før Åså er nokså bratt ned, tydeleg sti her.
Om kjøringa.
Start frå Promenaden med privatbilar kl 10.00 , kjør til Netland og over på austsida av Kvina rett før Nordbø, der går ein 3 km grusveg opp til Håland.
Me må ha noen bilar i Åså som kan kjøra sjåførar opp att til Håland for å henta bilane. Har snakka med 3 personar, men me treng nok noen fleire, Ta kontakt på tlf 41692134 om du lurer på noe som gjeld kjøringa. Kanskje noen er usikre på kor Åså er ? Då kjører du litt på Knabevegen etter Kvinlog, mot Fjotland, inn til Bergesli og så 3 km vidare på smal grusveg til Førlandsås.
Håper mange vil vera med»