«Tur Håland 500 moh – Førlandsås 400 moh ( Åså ) søndag 12.juni.
Turen  er  ein  del  av  kyrkjevegen  Knaben  –  Fjotland,  er  omkring  12  km  lang  ,  og  me  reknar  med  å  bruka  4-5  timar.  Me  gjekk  denne  turen  i  2011,  det  var  ein  våt  tur  (!)  ,  får  håpa  på  mindre  regn  denne  gongen.  På  Håland  er  eigaren  Ivar  Risnes  på  plass,  han  vil  fortelja  om  garden  og  huset  ,  og    Sigbjørn  Risnes  vil    sei  litt  om  turen  før  me  går  vidare.  Håland  er  vel  verdt  eit  besøk,  der  står  bl  a  den  eldste  (?)  traktoren  i  Kvinesdal,    i  alle  fall  i  Fjotland.  Det  blir  anledning  til  å  sjå  seg  rundt  i  huset.
Me  må  vera  klare  til  å  gå  før  12.00,  og  då  kan  folk  velja  om  dei  vil  vera  med  heilt  til  Åså,  eller  gå  ein  del  av  vegen,  snu  og  gå  tilbake  til  Håland  og  ha  ein  fin  dag  der..  Turen  går  i  fint  fjellterreng,  litt  myr,  og  litt  stigning  ,  opp  og  ned,  dei  siste  km  før  Åså  er  nokså  bratt  ned,  tydeleg  sti  her.
Om  kjøringa.
Start  frå  Promenaden  med  privatbilar  kl  10.00  ,  kjør  til  Netland    og  over  på  austsida  av  Kvina  rett  før  Nordbø,  der  går  ein  3  km  grusveg    opp  til  Håland.
Me  må  ha  noen  bilar  i  Åså  som  kan  kjøra  sjåførar  opp  att  til  Håland  for  å  henta  bilane.  Har  snakka  med  3  personar,  men  me  treng  nok  noen  fleire,  Ta  kontakt  på  tlf  41692134  om  du  lurer  på  noe  som  gjeld  kjøringa.  Kanskje  noen  er  usikre  på  kor  Åså  er  ?  Då  kjører  du  litt  på  Knabevegen  etter    Kvinlog,  mot  Fjotland,  inn  til  Bergesli  og  så  3  km  vidare  på  smal  grusveg  til  Førlandsås.
Håper  mange  vil  vera  med»