Referat Haustmøte 2026

Haustmøte til Kvinesdal Historielag blei halden på Rafoss Bedehus, eit hus som ikkje er så mykje i bruk lenger. Det samlast 48 personer som ville vera med å høyra på Tore Kvæven frå nabobygda Sirdal.


Tore har skrive 4 romaner før og fått mykje ros og priser for bøkene. Siste boka heiter «Eit spor til endes» og det var denne boka han snakka om. Boka handlar om ein familie i enkle kår som budde på fjellgarden Hellaren i slutten på 1800-talet. Denne garden ligg nå under vatn i eit av bassenga i Sirdal.

Romanen er ei blanding av fakta og fiksjon, men Tore sa alle stadnamn er ekte, og sagn bl a. om kyrkjebygning og andre gamle forteljingar kan kan hende  vera meir sanne  enn nokre trur.

Han veksla om å lesa utdrag frå boka og å snakka om romanen. Fleire kjøpte boka og mange fekk ein god prat med forfattaren.


Som vanleg på haustmøtet, var det servert kaffi og kringle, og i år var det nok til alle.
Kenneth takka alle som kom til bedehuset på Rafoss denne fine haustkvelden.
ABE