John – den siste norske cowboy.

Filmen blei vist på Kvinesdal Kulturhus 25 november som eit samarbeid mellom Kvinesdal kommune og Kvinesdal Historielag.
Det var stor interesse for filmen med 160 frammøtte. Etter Kenneth hadde ønska velkommen, fekk Johannes Risnes, med cowboyhatten på, ordet.  Han er kanskje meir kjent i Midvesten enn i Fjotland, så vi fekk høyra mykje om utvandringa og han knyta den nå 94 år gamle John Hoiland og rancharane i Montana til vår lokale historie.
Regissøren Frode Fimland fortalde om korleis han «fant» John og om samarbeidet der han fleire gonger var over og filma. John – den siste norske cowboy, er ein verkeleg veteran mellom cowboyane i Montana. Han driv ranchen sin etter eige hovud og slik som det vart drive for 40-50 år sia. Far til John utvandra i 1915 frå Høyland i Helleland, dagens Eigersund kommune.
Så kom filmen – og der fekk vi sett John i arbeid på farmen og på fest og rodeo, i snøvær og kulde og saman med vener. Heime på garden var absolutt alt tatt vare på: bilar, traktorer, gamle klede, foto, musikkinstrument og mykje meir.
Landskapet fekk vi sett i alle årstider, og det må ha vore ein tøff stad å driva farm, mest opp i 2000 m. Det var imponerande å sjå den gamle mannen som makta å skaffa fòr til ein stor kvegflokk, opp og ned på ymse kjøyretøy, og han fekk dei fleste til å sviva.
Det var stort sett stemmen til John vi høyrde i filmen, tydeleg og med klåre meiningar, ofte humor. Etter filmen kunne folk stilla spørsmål til regissøren. Det viste seg at det var ein tremenning og firmenning av John i salen.

Ref. ABE