INFO tur til Grimeknuden 9.5.24

Start  kl 10.00 på promenaden.Vi kjører med privatbilar til Helle i Vesterdalen, svingar inn til høgre i sørenden av sletta, forbi to hus inn til Torbjørn Helle si sag. Der er god parkeringsplass. Turen er krevande, rundt 3 km kvar veg og omkring 300 m stigning opp til Grimeknuden 488 moh. Det er størst stigning den første km.

Gunn Elvebakk har andakt, og Øyvind Hiorth Lid blir med som naturlos.  Han har skrive boka Kulturhistoriske turar i Kvinesdal, og denne turen er blitt ein av toppturane i Kvinesdal. Mange har tatt turen.

Det er bratt, men god traktorveg heilt opp. Dei omlag siste 500 m tek vi av frå traktorvegen, går litt meir i terrenget, svak stigning med fjell og grusunderlag . Vi går inn til Gapahuken, der er flott utsikt vestover, og så vidare opp til Varden der det er utsyn i alle retningar.

Eit alternativ til å gå heile turen er å bruke bil med 4hjulstrekk !! De kan kjøra sjølv eller bli skyssa inn av kjentfolk, delar eller opp til toppen der vi svingar av frå traktorvegen.  Og då er det greitt å kjøra heim att om Grimedalen, det blir ein rundtur. Men dei siste 500 m til toppen må alle gå, det er eit fint område og lett å gå.

Ref.: Turid Stakkeland