Den siste norske cowboy

Frode Fimland, mannen bak dei to populære filmane om Oddny og Magnar, «Søsken til evig tid» og «Amerikareisa», har begått ein ny film.

Filmen heiter: John – den siste norske cowboy.

Denne gongen har han funne fram til, nå 94 år gamle John Hoiland, ein ranchar i Montana, USA. John – den siste norske cowboy, er ein verkeleg veteran mellom cowboyane i Montana. Han driv ranchen sin etter eige hovud og slik som det vart drive for 40-50 år sia. Far til John utvandra i 1915 frå Høyland i Helleland, dagens Eigersund kommune.

Til filmframsyninga i Kvinesdal Kulturhus 25 november kl. 19.00 kjem regissøren Frode Fimland til Kvinesdal kino og vil fortelja litt om filmproduksjonen og samarbeidet med cowboyen John. Johannes Risnes, vil gi ei kort innføring i Amerikafarten frå vest i Vest-Agder, og knyta John og rancharane i Montana til vår lokale historie. Billetter kan bestilles på nett Kvinesdal kino, Rådhuset og ved inngangen. Billettpris kr. 120.-