Storhei
Søndag  30.  juli  gjekk  Kvinesdal  Historielag  til  Storhei.  Denne  heia  var    tidlegare  møteplass  for  folk  frå  gardane  som  låg  rundt  heia.  I  fleire  år  frå    1919  var  det  kristne  stevner  her.  
 
Gardane  hadde  før  kvar  sine  stiar  til  topps.  Vi  gjekk  frå  Lille  Nordhelle    (Øygarden)  på  skogsveg  opp  Kjørkelia.  På  toppen  av  lia  fant  vi  sti  litt  bratt    opp  gjennom  skog,  kratt  og  myrdrag.  Etterkvart  minka  skogen  og  fjellet  var  lett    å  gå  på  fram  til  varden.  Nokre  tok  ein  ekstra  sving  om  Torsteinen.  Varden  på    Storhei  498,86  m  o  h  blei  truleg  sett  opp  i  1860-åra  i  samband  med  første    skikkelege  kart  som  blei  laga.
 
Det  var  litt  bris  på  toppen,  men  det  var  bare  friskt  denne  varme  dagen.  Det  blei    ein  lang  pause  der  folk  såg  i  kikkert,  delte  minner  og  fekk  høyra  om  hendingar.    Det  var  ekstra  moro  at  det  var  med  folk  med  tilknytning  til  så  å  seia  alle    gardane  rundt.  Turen  tilbake  gjekk  først  heilt  sør  på  heia  der  Torstjødna  som    alltid  var  breidfull  med  kaldt  vatn.  Her  er  ei  trong  glove,  Smugaren,  der  folk    frå  Londal  alltid  gjekk  når  dei  skulle  opp  og  ned  til  Storhei.  Ein  liten  flokk    tok  denne  vegen  ned.  Så  møttest  vi  att  ved  Smørsteinen  og  fulgde  skogsvegen  ned    att  til  Øygarden.
 
Dei  ca  35  som  var  med  på  turen  fekk  oppleva  fin  natur  med  elgar,  molter,  blåbær,    spesielle  steinar  og  interessante  folk  frå  mange  kantar.  Vil  nokon  gå  turen  på    eiga  hand,  er  turen  merka  der  han  går  på  sti.  Vi  brukte  4  timar  og  hadde  då    lange  pausar.
Ref.: ABE