Slektskveld med DIS Vest-Agder
Serien  på  fjernsynet  der  kjende  folk  leitar  etter  sine  forfedre  hadde  visst  inspirert  ca  35  personar  som  møtte  opp  denne  kvelden.
Det  var  DIS  Vest-Agder  som  skulle  informera  om  laget  sitt,  og  korleis  bruka  data  i  slektsgransking.
Per  Valebrokk,  leder  i  laget,  presenterte  laget  som  er  stifta  i  1990.
Karl  Arnt  Skarpeid  hadde  drive  slektsgransking  frå  tidleg  alder  og  hadde  vore  så  oppslukt  at  han  ikkje  hadde  tid  til  å  gifta  seg  før  han  var  30  år.  Han  viste  fleire  eksempel  på  slektsbøker  og  kom  med  tips  om  kjelder.
Johannes  Risnes  som  er  fjotlending  og  har  dei  fleste  personar  frå  Fjotland  og  Kvinesdal  i  sine  filar,  greidde  spesielt  ut  om  å  finna  personar  i  Amerika.
Fleire  hadde  spørsmål  og  kommentarar.  Det  blei  ikkje  så  mykje  tid  til  å  gje  råd  til  dei  enkelte,  men  det  kan  vera  vi  kan  få  til  fleire  kveldar.  Kenneth  Trælandshei  takka  dei  tre  som  hadde  tatt  turen  frå  Kristiansand.  DIS  Vest-Agder  ser  gjerne  at  det  kan  koma  eit  lokallag  i  Lister.
Ref.:  ABE