Kenneth og Anne Berit til Giske
Lørdag  22.  oktober  var  Kenneth  og  Anne-Berit  invitert  til  Giske  kommune  på  seminar.  Leslie  Bjørkelund  er  kulturkonsulent  i  Giske.  Han  laga  til  eit  seminar  om  historielagsarbeid.  Sidan  vi  har  så  mange  medlemer  i  laget,  blei  vi  plukka  ut  til  å  fortelja  om  laget.  Sjølvsagt  tok  vi  litt  om  Kvinesdal  kommune  og  om  aktivitetar  og  turar,  alt  med  mange  foto.
Leder  i  Landslaget  for  lokalhistorie,  Beint  Foss  som  også  er  leder  for  Agder  Historielag,  hadde  innlegg  og  det  hadde  også  generalsekretæren  i  landslaget,  Hans  Nissen.
Det  var  representantar  frå  alle  sogelaga  i  Giske.  Giske  er  ein  øykommune  nord  for  Ålesund  og  det  er  sogelag  på  kvar  øy.
Vi  landa  på  Vigra  fredag  kveld  etter  ein  turbulent  tur  med  storm  i  vindkasta.  Neste  morgon  var  flott  og  heile  lørdagen  hadde  opphald.  Vi  fekk  dessverre  ikkje  tid  til  å  sjå  så  mykje  av  Giske,  men  vi  fekk  tid  til  ein  liten  tur  til  Ålesund  før  flyet  gjekk.  Då  med  ein  tur  i  Jugendsenteret  i  “Kenneth-fart”  og  ein  kaffikopp  på  ein  kjent  restaurant.
Ref.:  ABE
 
 
		
		 
		
		 
		
		 
		
		