TUR TIL STEINSLANDSVARDEN


Omlag 40 stk. møtte oppe på Steinsland, Kristi himmelfartsdag, 14. mai, på ein noko småkald føremiddag med regn i lufta. Dette er ein tradisjonell tur med Kvinesdal historielag og Kvinesdal kyrkjelyd.

Den ein gong så staselege heiegarden Steinsland ligg i Austerdalen, og grensar til Galdalsvatnet i vest, Haugland i sør, Hægebostad i aust og gamle Fjotland og Eiken i nord.

Den nå avfolka garden skal ha vore den største garden i gamle Kvinedalbygda i vidde på 1600-talet – like stor som halve Fedesokn, sa dei gamle, iflg. Ånen Årli i bygdebøkene for Kvinesdal.

Steinsland skal óg ei tid ha vore krongods. Dersom ikkje skattar og avgifter blei betalt i rett tid, hadde kongen rett til å konfiskere jorda.

Her gjekk også den gamle ferdslevegen over til Eiken og Hægebostad. I 1845 skal det ha budd 82 menneske her, og Steinsland var i si tid eigen skulekrets.

Dei siste av heiefolket som budde på Steinsland var brørne Trygve og Adolf Steinsland, som fleire av turgåarane hugsa godt. Adolf var ein markant personlegdom, høgreist og med kraftige nevar. Mange slo av ein prat med Adolf når han kom med ryggsekken og hatten på snei i Liknes. Han blei 84 år og døydde i 2008.

I bygdebøkene til Ånen Årli kan vi lese at steinslendingane ofte er nemd i tingbøkene. Dei brukte både kniv og øks i slagsmål. Siri Steinsland fekk bot for å ha slått Elling Øystenstøl – og ei ekstra bot fordi ho slo på ein søndag!

Nokre i turfølgjet hadde óg høyrt om bryllupet på Steinsland i 1806. Til gildet gjekk det med 6 anker brennevin (1 anker er ca. 40 liter) og 12 tønner øl. Bryllupet varte i 14 dagar. Bryllupsgjelda skal ha følgd garden i fleire generasjonar.

Temaet var naturleg nok eit anna på toppen av Steinslandsfjellet, ein kilometers gåing opp mot Kleivfjellet og varden. Her hadde Oddbjørn Stakkeland tatt med seg trompeten, og mogleg dei høyrde vakker trompet heilt ned «Under fjellet». Prest Gunn Elvebakk stod for ein liten «preken», før turen gjekk ned att til Steinsland.

Takk for turen!

Ref. AÅ