Tur til Bosnia-Hercegovina og Kroatia 2. – 6. mai 2026
Dag 1: Kvinesdal – Mostar
På årets langtur med Kvinesdal Historielag var vi 38 deltakarar + reiseleiar Vidar Abrahamsen frå OK Reiser, som arrangerte turen i samarbeid med styret i Kvinesdal Historielag. Vi starta grytidleg laurdag 2. mai med buss frå Liknes til Sola. Så gjekk turen vidare med fly til Split, Kroatia.
Fyrste stop var på en fin olivengård, Stella Croatica. Her fekk vi omvisning, vandra i ein liten botanisk hage, og fekk servert ein nydelig lunsj.
Så gjekk turen vidare og over grensa til Bosnia-Hercegovina, der vi kjørte langs elva Neretva, som er elva som renn gjennom Mostar.
Utpå ettermiddagen sjekka vi inn på hotell Mepas, der vi overnatta dei to fyrste nettene.
Dag 2: Mostar og Blagaj Tekija
Dagen starta med ein historisk byvandring i Mostar med vår dyktige guide Elma. Høgdepunktet var den kjente broa Stari Most, både synet av den, og historia om den.
Nokre av oss fekk kjøpt oss tradisjonelle sjal, og elles suvenirar av alle slag. Varer er nokså rimelege i Bosnia-Hercegovina.
Lunsj denne dagen var utandørs med nydeleg utsikt over elva og brua. Det var varmt og godt og strålande sol heile dagen.
Etter lunsj og litt fritid, tok vi buss til Blagaj Tekija, et kloster frå 1500-talet, som ligger idyllisk til ved elva Buna. Her kjem den underjordiske elva Buna opp til overflata, like ved klosteret.
Dag 3: Kravice-fossene, Begic Winery og Makarska
Vi sjekka ut frå hotellet i Mostar og bussen tok oss til Kravice-fossane. Ein nydeleg stad! Mange kjøpte seg ein is, og vassa i det kalde friske vatnet.
Så gjekk turen vidare til Begic Boutique Winery, ein familieeigd vingård, der vi blei tekne særs godt i mot. Dei grilla kjøt til alle 39 gjestane, og me fekk smake på fleire av vinane dei lager.
Det blei også tid til omvisning i vinkjellaren. Det var ein svært idyllisk stad!
Etter dette køyrde vi over grensa til Kroatia. Det tek ei god stund med grensekontrollen her, både ut av dei eine landet og inn i det andre. Vi stoppa i den vakre havnebyen Makarska, der vi kom midt oppi 90-årsjubileet for det lokale friviljuge brannvesenet! Parade med både brannmenn og brannbilar (mykje lyd!)
Dag 4: Podstrana, Trogir og Split
Dei to neste nettene overnatta vi i Podstrana, på Hotel Aria, som ligger vakkert til ved Adriaterhavet, eit stykke sør for Split.
Då vi kom dit på mondagskvelden var det fleire av oss som tok ein dukkert, før middag utandørs ved stranda.
Denne dagen var vi fyrst i Trogir, ein vakker middelhavsby som ligger på Unescos verdsarvliste. Etterpå dro vi til Split, der vi også hadde lunsj denne dagen. Middag på hotellet i Podstrana begge kveldane.
Dag 5: Heimreisedagen
Heimreisa tok heile dagen, sidan me måtte mellomlande nokre timar på Kastrup i København, før flyturen til Sola. Der stod bussen og venta på oss og tok oss trygt heim til Kvinesdal (nokre gjekk av på Moi, Sira og Flekkefjord).
Det var ein særs vellukka tur, og vi gir ein stor takk til reiseleder Vidar Abrahamsen frå OK Reiser, som tok oss trygt gjennom alle reiseetappar og opplevingar undervegs. Takk for turen!
Ref: Fornøyde deltakere.