Fottur Møgjedalen – Dugan

Over 40 turdeltakarar i alderen 11 – 90 år, hadde møtt opp klokka 10 på parkeringsplassen ved Arefjell i Austerdalen, denne litt småkalde søndagsmorgonen i mai. Turen var lagt opp som rundtur som bla. Tonny Haugland, Møyfrid og Willy Solberg hadde planlagt. Svein Arne Jerstad var med som grunneigar og godt kjent i området. Han orienterte og fortalde historier undervegs om stadane me passerte.

Svein Terje Lindefjeld frakta turdeltakarane opp bakkane heilt til Møgjedalen. Dermed blei det ein lett tur utan for mykje stigning. Det var snø i lufta på veg opp, men opphald og bra ver etterkvart. Med Storli og Stakkedalsheia i ryggen, og orientering om Møgjedalen v/Svein Arne, starta turen. Me passerte store dyrka område, og vidare Underborgsvatnet med si fine sandstrand. Fleire kommenterte at her ville dei opp att – med badetøy.

Turen gjekk vidare ut eit lengre myrdrag, før me kom til Nekkland og Nekklandsvatnet. Svein Arne orienterte og fortalde historier frå tidlegare busetjing på Nekkland, bla. om Kjedel Jerstad (sjå vedlegg). I enden av Nekklandsvatnet og Sutlevika, ligg Mannen og Kona, to statuar forma som – ja, akkurat, mann og kone. Dei er eit ynda turmål for mange. Her hadde vertskapet, Tove og Svein Arne, fyrt opp vedomnen i hytta, så det var godt og varmt.

Etter ein god rast og orientering om staden, gjekk turen straka vegen ned på grusveg til Øvre Jerstad. Forbi Berstøl og Rauskelitjønn, og med ein liten stopp ved brua som blir kalla Oslo S, etter NSB-skiltet som på «mirakuløst» vis har havna her og heng over brua.

Siste stopp med orientering på Øvre Jerstad, før turen gjekk vidare på skogsveg og sti gjennom granskogen og ned att til Dugan og bilane ved Arefjell. Takk for ein flott tur, og spesielt takk til Svein Arne for god orientering undervegs.

Ref.: Anna Årstøl
Foto: Malin Stokkeland