Tur til Knibeknuden , Kristi Himmelfartsdag 18.mai 2023.
Vi  kjører  med  privatbilar  frå  Liknes  kl  10.00  ,  som  vanleg.  Men  det  går  også  an  å  kjøra  direkte  til  Knibestøl.  Vi  prøver  å  finna  plass    til  å  parkera  attmed  huset  etter  Leiv  Knibestøl  og  langs  med  vegen  oppover.  Viktig  å  fylla  opp  bilane,  det  er  ikkje  flust  med  parkeringsplassar.
Vi  startar  i  tunet  på  Knibestøl  med  litt  orientering.  Og  så  går  vi  på  ein  fin  grusveg  mot  Årstøl  eit  lite  stykke  til  vi  svingar  av  mot  Knuden.  
Deretter  er  det  på  sti,  litt  myr  og  fjell,  jamn  stigning  på  omlag  200  m  til  Knibeknuden  som  ligg  på  461  moh.  Den  siste  delen  av  stien  er  merka  med  små  vardar,  kalla  «knydingar».  Vi  reknar  med  å  bruka  bortimot  ein  time  opp,  med  moderat  gange.  På  toppen  er  det  flott  utsikt  i  alle  retningar.  
Leiv Gunnar Skiftun har sportsandakt.