Håland- Førlandsås 12.juni 2022.

Rundt 14-15 bilar var parkerte i tunet utanfor det imponerande huset på Håland, rundt 50 personar, men ikkje alle var med på gåturen.

Eigaren Ivar Risnes fortalde litt om historia til huset og folka som budde der. Det var først og framst om brørne Per og Tor Håland. Huset vart bygd i 1931, det førre huset brann. 18 m høgt, 190 m2 i fleire etasjar. Nevøen Kolbein, far til Ivar, kjørte stein til den svære trappa med hest. Han var 12 år og lengta mye heim. Har eg vore lenge vekke no? ropte han til mora, vifta med hua, han måtte ha båt over elva til Risnes. Per var sterk, dei sa han måtte vera med å få på plass mønebjelken. Medan dei andre hadde matpause, lyfta Per stokken på plass, aleine. Huset var pensjonat, og Per stod for matlaginga, medan Tor dreiv forretning og arbeidde for Knaben. Men først og framst dreiv Per og Tor med jakt, fiske, fangst, jordbruk og kyr. Dei levde i pakt med naturen, hadde alt dei trong. Dei ville ikkje kitta vindauga der dei sov, måtte sova i frisk luft.

Den første traktoren i bygda kom til Håland i 1941.

Per døydde brått i 1968 heime på Håland. Tor var på sjukehuset i Flekkefjord før han døydde i 1970. Maria, mor til Ivar masa på mannen Kolbein som kjørte buss, at han måtte besøkja Tor på sjukehuset. Der sat Tor klar og påkledd, han hadde skrive seg ut og ville heim. Han snakka om jakt og fiske, ikkje eit ord om sjukdom. Men den eine foten var dobbel så tjukk som den andre og blåleg på let. Kva sa doktoren om foten? blei han spurd. Nei, den hadde han ikkje sett, påstod Tor, då hadde eg ikkje fått reisa heim. Det blei ordna drosjeskyss, og Erling Netland på Straumland fekk beskjed. Han gjekk til Håland og henta Tor sin snøskuter, og kjørte Tor heim då drosjen ikkje kom lenger. Tor låg i stova nede, og døydde etter eit par dagar. Heime på Håland som han ønskte.

Så fekk Sigbjørn Risnes ordet og sa litt om løypa me skulle gå, 12 km lang. Det blei ein ny tur i regnver, (ikkje fullt så vått som i 2011), men mye myr, og noen litt store bekkar gjorde turen krevjande. Vi starta frå Håland litt før 12, 39 personar var med. Den første delen var ganske lett, men så blei det noen harde stigningar også. Etter at vi passerte Svodheii, blei det grei vandring på fjell. Men siste delen ned mot Åså, var tøff, bratt, steinete og glatt. Ein av deltakarane fekk problem, han ramla og gleid og heldt på å gi opp. To gode hjelparar ,Harry Rafoss og Svein Rørvik, vart henta i Åså og saman med fleire fekk dei han trygt inn i Tor Alsvik sin bil. Han beklagte bryderiet, men takka for god hjelp. Dette vart ein minnerik tur, sa Sigbjørn Risnes.

Odd Stakkeland med Knaben og Fjotland idrettslag sin minibuss, henta sjåførar i Åså og kjørte dei opp til Håland.

Ref. : TS
Bilde : John Høyland