Svalbard 4. -7. September
Fredag  4.  september  
Turen  starta  med  buss  frå    Liknes  kl.  6  til  Sola,  med  Norwegian  til    Gardermoen,  vidare  om  Tromsø  og  landa  på  Svalbard  Lufthavn  ca.  kl.  18.00.  Her  venta  bussen  som  tok  oss  på  humpete  veg  til  Longyearbyen  og  Svalbard  Hotel  /The  Vault.  Hotellet  frå  februar  2018    er  det  nyaste  hotellet  i  byen,  her  var  vi  3  netter.  Så  var  det  å  flytta  inn,  skifta  klær  og  ut  i  buss  til  Villmarksaften  i  Camp  Barentz  i  Adventdalen,  10  kilometer  utanfor  Longyearbyen.  Her  blei  vi  delt  i  to  grupper  i  kvar  sin  lavvo.  Vertskapet  var  2  unge  flinke  guidar,  med  våpen  på  aksla.  Dei  serverte  varm  suppe  med  kaffi  og  kake  til  dessert.  Vi  fekk  høyra  om  Barenzt,  om  byen,  om  isbjørn  og  mykje  meir.  
Lørdag  5.  september  
Dagen  starta  med  ein  god  frukost.  Ein  to  timars  busstur  i  byen  og  området  starta  med  Adventsdalen.  Ein  stans  med  Isbjørnskiltet  er  obligatorisk  for  turistar.  Meir  interessant  var  den  første  flyplassen  ved  kanten  av  Adventselva.  Her  fekk  vi  sjå  eit  tysk  flyvrak  som  i  1943  ikkje  greidde  å  landa  på  grunn  av  gjørme.  Vrakrestane  låg  i  kanten  av  elva,  denne  kunne  til  tider  fløyma  kraftig  opp.    Andre  ting  å  sjå,  var  det  globale  frølageret,  fleire  stader  der  det  hadde  vore  gruvedrift,  byen  med  kyrkja,  gravplassen  og  til  slutt  Svalbard  Museum.  Heile  tida  med  ei  flott  guide  som  var  bergensar,  kan  henda  den  beste  på  turen.  
Om  ettermiddagen  var  vi  med  i  gruve  3  nær  Hotellneset.  Dette  var  ei  av  gruvene  til  Store  Norske  Spitsbergen  Kullkompani,  nedlagt  i  1996.  Dette  var  ein  tøff  tur  med  hjelm  og  munnbind.  Vi  fekk  verkeleg  stor  respekt  for  dei  som  jobba  her.  Einaste  gruve  i  drift  nå,  er  gruve  7,  den  leverer  kol  til  kraftverket  i  byen.
Om  kvelden  gjekk  turen  til  Huset,  eit  historisk  bygg  og  sosial  samlingsstad  sidan  huset  blei  reist  i  1951.  Vi  var  lova  ein  fem  rettars  middag,  i  tillegg  var  det  eit  par  ekstra.  Her  var  lokale  råvarer  pynta  med  mange  uvanlege  smaker    –  men  ikkje  eit  «jorple».    Kulinarisk  nyting  i  tre  timar.
Søndag  6.  september  
Båttur  på  ti  timar  i  Isfjorden  og  inn  til  den  nedlagte  russiske  gruvebyen  Pyramiden.  Den  ligg  i  Billefjorden  som  og  var  namnet  på  båten  vår.  Nordover  gjekk  vi  på  vestsida,  forbi  Diabasodden  der  det  i  2006  vart  funne  skjelett  av  dinosaurar.  Vidare  over  Sassenfjorden  og  inn  i  Billefjorden  til  Nordenskiöldbreen.  Heile  tida  var  det  mykje  å  sjå,  dei  spesielle  fjella  var  aldri  like.  Det  dukka  opp  ein  sverm  med  kvitkval,  og  plutselig  ropte  nokon  «isbjørn»  Det  var  for  grunt  til  at  båten  kunne  gå  nær,  men  vi  såg  to  kvite  prikkar  og  ein  litt  i  frå.  I  kikkert  var  dei  tydelege.  Mikkel  frå  Nittedal  var  flink  guide  og  samla  oss  på  dekk  når  det  var  noko  å  sjå.  Vi  fekk  servert  eit  måltid  med  grillmat  og  kunne  kjøpa  kaffi.
Pyramiden  var  ei  oppleving.  Denne  russiske  gruvebyen  der  det  budde  ca.  tusen  menneske,  blei  plutseleg  fråflytta  i  1998  og  det  såg  ut  som  dei  gjekk  frå  alt  der  dei  sto.  To  russiske  jenter  guida  oss  (på  engelsk)  rundt  i  byen,  inn  i  idrettshall,  symjebasseng  og  enda  opp  i  biblioteket,  einaste  staden  med  oppvarming.  Det  var  tydeleg  at  russarane  satsa  stort  på  kultur,  idrett  og  det  var  i  si  tid  veksthus  og  dyrehald.  Her  er  eit  hotell  og  om  sommaren  folk  som  tek  seg  av  turistar.  Ei  av  guidane  fekk  eit  årsskrift,  det  var  ho  veldig  glad  for,  ho  studerte  norsk.
Båtturen  tilbake  gjekk  på  vestsida  og  der  fekk  vi  sett  mange  reinsdyr  og  fleire  kulturminne,  som  restar  etter  gruvedrift  i  Skansbukta  og  Svenskehuset  på  Kapp  Thordsen,  bygd  i  1872.  Her  omkom  17  norske  sjøfolk  ein  vinter,  fordi  dei  hadde  ete  mat  frå  hermetikkboksar  og  blitt  blyforgifta.  Tilbake  i  Longyearbyen  var  det  middag  på  Restaurant  Polfareren.  
Mandag  7.  september  
På  grunn  av  endra  flyavgangar  fekk  vi  ekstra  tid.  Om  føremiddagen  var  det  shopping  og  besøk  i  det  flotte  museet.  Sidan  det  ikkje  er  moms  her,  var  varene  billige.  Så  gjekk  turen  til  Huset  der  det  var  foredrag  av  Tore  Henriksen  som  kom  til  Svalbard  med  familien  i  1964,  eit  og  eit  halvt  år  gamal.  Han  fortalde  om  barndom  og  oppvekst  frå  enkle  kår  i  starten.    Etter  eit  middagsmåltid,  var  det  til  hotellet  og  vidare  til  flyplassen.  Etter  ei  mellomlanding  i  Tromsø  der  vi  måtte  ta  ut  heile  bagasjen  for  ny  sjekk  og  tollkontroll,  landa  vi  på  Gardermoen  og  gjekk  rett  på  bussen  kl.  24.00.  Etter  to  pausar  der  vi  fekk  kjøpt  litt  mat  og  strekt  beina,  var  vi  på  Liknes  halv  sju  om  morgonen,  då  var  det  8.  september.
I  koronatider  med  mykje  usikkerhet,  var  vi  glade  for  vi  fekk  til  turen.  Vi  var  36  personar  pluss  reiseleder  Arne  Lervik  som  har  vore  med  oss  fleire  gonger.  Turen  var  lagt  opp  av  Sirdalsbussen  i  samarbeid  med  historielaget.  På  flyet  måtte  alle  ha  munnbind  og  det  blei  ført  namnelister  .Veret  var  greitt:  4-8  grader,  lite  vind  på  båtturen  og  litt  dusjregn  i  blant.  Unge  guidar  frå  fleire  land  kunne  leksa  si,  i  tillegg  til  entusiasme  og  stolthet  over  å  vera  på  Svalbard.  Alt  i  alt:  Ein  flott  tur  der  alle  kom  vel  heim.
Ref.:  ABE
Foto  :  Fleire