Julemøte 2019
JULEMØTE    i  Kvinesdal  kulturhus  20.nov.  2019.
Møtet  dette  året  var  i  kinosalen,  bra  for  dei  som  skulle  høyra  på  og  delta,  men  litt  problematisk  med  grautserveringa.  Noen  bord  og  stolar  blei  plasserte  i  gangen,  resten  måtte  eta  stånde.  Dei  rundt  140  frammøtte  var  likevel  godt  nøgde  og  ordna  seg  som  best  dei  kunne.
Temaet  for  møtet  var  fylkesgrensa  mellom  Aust  og  Vest  Agder  som  er  historie  frå  1.jan  2020.  Olav  Grendstad  har  padla  og  gått  den  30  mil  lange  grensa  for  å  dokumentera  den,  og  ved  hjelp  av  GPS  fann  han  grensa    nøyaktig  slik  at  han  gjekk  med  ein  fot  i  kvart  fylke.  43  dagsetappar  blei  det  frå  Sirdal  til  havet.  Det  gjekk  opp  og  ned,  gjennom  vatn,  over  fjell  og  hei,  i  kratt  og  ulendt  terreng.  Til  og  med  tvers  gjennom  hus  og  tun  gjekk  grensa.  Han  samanlikna  Vest  Agder  med  ein  pågåande  og  aggressiv  beilar  som  tok  for  seg,  medan  Aust  Agder  var  ei  prippen  frøken  som  både  ville  og  ikkje  ville.  Ved  hjelp  av  film  og  humor  blei  det  ein  svært  vellukka  og  instruktiv  kveld.
Musikalsk  innslag  ved  Øystein  og  Grethe  Stulien  Lauen,  og  Torvald  11  år.  Dei  brukte  fele,  gitar  og  piano,  og  repertoaret  var  frå  Fager  kveldsol  smiler  til  country  og  eit  par  sjølvlaga  viser.