Tur til Bergen ? Turen er fulltegna !

Vi er nokre i historielaget som har lyst til å ta ein tur til Bergen laurdag 25. april. Er du interessert, så sei frå.

«Svar på brevet frå Helga» er eit teaterstykke sett opp av Hordaland Teater /Riksteateret.

Dette er etter ein liten roman frå Island med same namn. Forfattar er Bergsveinn Birgisson som var her i Kvinesdal i 2017 og fortalde om den svarte viking. Han  har skrive doktoravhandling om Tjodolv si dikting.

Boka handlar om ein gamal sauebonde, islandsk natur – og kjærleik.

Skodespelarane er Helge Jordal og Ragnhild Gudbrandsen. Dei turnerte i år med Riksteateret og har fått gode terningkast.

Plan: Å vera med på forestillinga laurdag 25. april. Det er tilbod om overnatting og forestilling for ca 900 kr., så må vi nok ha litt mat etterpå – eller før. Vi tenkjer oss buss opp laurdag og heim søndag, dette ikkje sjekka før vi veit meir.

Dette er ikkje påmelding, men for å sjå interessa.

Melding til Anne-Berit erfjor@online.no 41696220