Med Kvinesdal Historielag til USA, 28.9 – 7.10.07.

 

Generelt om turen.

Det vart ein på alle måtar vellukka tur. Vi var 28 personar  med ledarar, alle aldrar, fine hotellrom  og eit variert opplegg. Vi fekk ”shoppa” omtrent det vi ville, fleire måtte kjøpa nye koffertar. Men veret var omtrent som hausten heime, det vil seia at det blei bruk for både T- skjorter og  regnjakker, vi opplevde lyn, torever, regn og sol.

Maten var godt etande, men eg trur kanskje vi har  hatt nok frukostar med bacon, egg  og toast for ei stund, vi sakna frukt og grønnsaker.

Fire statar var vi innom: Minnesota , vår base, Iowa, Nord og Sør- Dakota.

Terrenget i sør var ganske kuppert, men i Nord Dakota  var det flatt……

Overalt møtte vi vennlege folk. Snakka vi saman på norsk  kom det folk til oss og sa :

-         Where are you guys  from ?

-         From Norway.

-         Oh, my grandfather/ grandmother came from…….

Og til slutt: Som representantar  for eit historielag  måtte vi innom fleire museum, college grunnlagt av norske, kyrkjegardar med  norske namn og liknande. Noen av oss var også så heldige at vi møtte nære slektningar, meir om det nedanfor.

 

Frå dag til dag, for spesielt interesserte.

Fredag  28. sept. kl. 12.00 ( kl. 19.00  norsk tid )  stod vi på  flyplassen i Minneapolis og venta på Terje Solheim frå Solheim tours  og minibussen hans klar til å kjøra til Bloomington, eigen by attmed Minneapolis og St. Paul.  Terje tok seg av det praktiske opplegget, medan Johannes Risnes var ansvarleg for innhaldet.

Der fekk vi streng beskjed om å halda oss vakne i alle fall til 6-7 tida. Det beste botemiddelet var kjøpesenteret  Mall of America.   

 

Laurdag 29. sept.

Sightseeing og shopping i Minneapolis,  lokal sjåfør  med  skulebussen sin.

Om kvelden vart heile gruppa invitert heim til Gene og Myrtle Brandsvold, ( sjå bilete) han er kasserar i styret for Sons of Norway, hadde slekt i Hemsedal.

 

Søndag  30. sept.

Besøk i Emmaus Lutheran Church, Bloomington. Der deltok vi på gudsteneste nr. 2 som hadde eit meir frikyrkjeleg preg. Tidlegare hadde dei hatt ei meir tradisjonell luthersk gudsteneste. Der traff vi Irene ( sjå bilete)  og  Duane Oines for  første  gong,  ho hadde bestemor frå Stakkeland, Anna  Toresd.  og  bestefar  frå  Kvinlog: Bernt Gunnuson. Karen, syster til Anna, vart att i Norge, ho var gift med  Tønnes Jakobsen Kvinlaug, ”unna Huknuden”, så Irene er tremenning til alle Karens og  Tønnes  sine  barnebarn. Ho og mannen har vore fleire gonger i Norge. Etter  gudstenesta  inviterte dei oss heim på lunsj. Vi traff Irene og Duane  att  torsdag 4.okt.

 

Om kvelden  var det besøk av slektningar i matsalen ved hotellet. Tønnes T. Kvinlog fekk møte ein del slektningar, Anne Marie, syster mi,  og eg  trefte  eit par tremenningar: barnebarna  til Juliane f. Stakkeland, syster til mi farmor, og Tore Årstøl, bror til Anna Årstøls farmor. Tore kalte seg Theodor Knutsen  der borte, han var ein av sju brør som  flytta til USA. Anna tok dermed prisen: Omkring 30 av hennar slektningar møtte opp.

 

Måndag  1. okt. 07

Tur sørover til Decorah  i delstaten Iowa. Her  fekk vi omvising på Vesterheim Museum, eit norsk museum med  bustadhus, skulehus, ulike uthus og kyrkje. Ein av guidane  gjekk i busserull og snakka  forståeleg norsk. Det mest spesielle her var ei rosemalt kiste frå Ryggesås  i Vesterdalen. Indianarane hadde tatt kista og levert henne til museet 40 år seinare, i god stand.. ( Sjå bilete )

 

Tysdag  2. okt.

Lang busstur nordover til Grand Forks, North Dakota. Her opplevde vi prærien, det var mye flatare enn det flataste på Jæren, kan godt forstå nybyggjarkona som måtte  få laga  til ein  jordhaug for å ha noe å festa augene  på. Vi såg maisåker på maisåker, lengst i nord dyrka dei poteter og sukkerroer. Plogfurene kunne vera 3 km lange  fekk vi høyra.

 

Onsdag  3. okt.

Etter ei natt i  Grand Forks, kjørte vi sørover att.  Bonden Duane Myron  møtte oss og  tok oss med til farmen sin i Thompson, Red River Valley of the North. På vegen var vi innom Bygland Kirke,  vi såg Øst Valle Kirke  og Vest Valle kirke  sistnemnde låg rett attmed farmen. Her hadde altså setesdølar slått seg ned, setesdølsk blei snakka der borte framleis. Korleis kunne dei trivast der utan eit einaste fjell?

Kona til Duane, Sharon,  var spesielt interessert i musikk, ho greidde å skaffa Nils Ro ei fele, Tønnes T. Kvinlaug og Elfrid Ovedal kvart sitt trekkspel, dessverre ikkje knappespel, Terje Solheim hadde medbrakt gitar , sjølv spelte ho trekkspel. Vi andre song, på engelsk og norsk, folkeviser  og andre viser, til og med Musevisa av Alf Prøysen. ( Sjå bilete) Serveringa var enkel og god.

Om kvelden  ankomst  eit indianerkasino i   Watertown, South Dakota der vi overnatta. Alle fekk 5 dollar  til bruk i  kasinoet, det blei ikkje så  stor forandring reint økonomisk for noen av oss, trur eg. Fotografering inne var forbudt, elles hadde det vore flott med eit foto av  ein kjekk indianar med lang svart flette.

 

 

Torsdag  4. okt.

Den blei kalla ” The official Tønnes Kvinlaug  Day”, og vart kanskje høgdepunktet på turen for fleire av oss. Vi  var innom eit kunstsenter i Watertown, Terry Redlin art Centre,  så  sørover til  Volga. Først på kyrkjegarden der vi fann mange graver med norske namn,  Kvinlog bl.a. Eg tykte det var spesielt å sjå namna til Tore Stakkeland  og Malena Stakkeland, dei er Tønnes sine oldeforeldre, hadde hus i min ripsebærhage på Stakkeland. Dei var foreldra til førnemnde Anna ( og Karen Kvinlaug ), og  hadde følgt med dattera då  Bernt Gunnuson var i Noreg og henta henne.  Sonen Andreas;( Andrew) vart også med, han flytta til vestkysten ein stad, og slekta hans har behalde Stakkeland som etternamn. 

Her møtte vi att Irene og Duane  Oines  på garden der ho hadde vakse opp, jorda var vekkleigd, huset var no bare feriehus.

No var vi verkeleg i huset på prærien. Huset var bygt av Bengt Gunnuson  Kvinlog  etter at han hadde gifta seg  med Anna  Toresd. Stakkeland, før det budde han med far sin i ei jordgamme i 20 år. Tore, Malene og Andreas, fekk seg sitt eige, men  Bengt døydde nokså tidleg og så flytta dei tilbake til  Anna og  dei to døtrene hennar.

Medan vi sat der, kom det ein bonde på besøk, Bob Nelson. Han var slektning til Tønnes på Kvinlaugsida, mor hans og Tønnes  var tremenningar. Langt uti slekta  altså, men her var det ingen tvil om slektskapen, både fakter og utsjånad  stemte.

Han ville visa oss farmen som han og sønene dreiv, for tida var det treskjing av mais. Interessant for alle  bøndene  på turen. Tilbake til Bloomington om kvelden.

 

Fredag  5. oktober.

Siste heile dag i USA. Den blei brukt i Minneapolisområdet.  Først besøkte  vi St. Olafs College, Northfield, grunnlagt av nordmenn. Dei hadde  stort arkiv med  brev på  norsk frå folk i Noreg  til slektningar i USA. Men breva som vart skrivne i USA og sendt til slekt i Noreg  hadde dei mindre av. Dei var derfor svært interesserte i å få kopiar frå Noreg, ei oppfordring altså.

Deretter besøkte vi  Augsburg  College som låg midt i byen Minneapolis,  foredrag på norsk om historia  til skulen, i det heile  vart vi mottekne  som det vi var: Eit historielag frå Kvinesdal, med spesiell interesse  for historie, norsk servering fekk vi og: Kaffi; te og frukt! Eg tok ikkje bilete inne, så det er umogleg å seia kven som duppa av  på slutten og kven som følgde oppmerksomt med heile tida.

 

Om kvelden vart noen av oss invitert med heim til Kathy og  Stewart McIntosh. Ho var barnebarnet  til Juliane og  Theodor Knutson. Anna Årstøl var tremenning på farfaren si side, Tønnes, Anne Marie og eg  på  farmora si side. Stanley Røynestad; mannen til Anna var også med. Vi var først på besøk på kyrkjegarden og tok bilete av gravsteinane, såg huset der  Juliane og Theodor  budde og  så til enkel  og god  servering heime hos  dei, i St. Paul. Vi  fann tonen fort, det var ein fantastisk slutt på ei flott veke  for oss. Dei andre hadde felles middag.

 

Laurdag 6. okt.

Felles frukost på hotellet med  ”talar” og  gåver , litt shopping før vi  for frå Minneapolis kl. 13.20, mellomlanding Washington og  Amsterdam, ankomst Kjevik  søndag 7. okt. kl. 11.50 ( norsk tid ) 4.50 ( MN tid) .   

 

Se bilder fra turen