Tur til Fjotlandsfjellet |
25. mai, Kr. Himmelfartsdag, hadde Kvinesdal Historielag og kyrkja sin årlege
fellestur. Den gjekk i år til Fjotlandsfjellet. Me kjørte først omkring 2 km.
innover mot Eftestøl, deretter gjekk me i lett terreng og med jamn stigning mot
toppen som ligg 615 m.o.h. Denne delen av turen tok ca. 40 min.
På toppen var det litt kaldt, men me fann ein lun plass til matpause og andakt.
Julia Engstrand talte over teksta for dagen. Tor Mygland orienterte litt om det
me såg frå fjellet før me starta på nedturen, om Røyland. Her var det meir
ulendt å gå; myrar, kratt og til slutt ein bekk å kryssa som var ganske stor
etter alt regnet som hadde vore tidlegare. Frå Røyland gjekk me siste delen av
den gamle kyrkjevegen som gjekk frå Knaben gard, om Håland, Førlandsås, Røyland
og så til Fjotland. Vegen var godt synleg store deler, men på myrane var den
heilt vekke. Då var det bra at me fekk hjelp av ein lokalkjent person, Gunvald
Vatland. Han gjekk med oss til Vigje der stien slutta, me andre gjekk noen
hundre meter på asfalt bort til kyrkja der ein del av bilane stod parkert.
Turen var passeleg anstrengande, og passeleg lang, 2 - 2.5 timars gangtid, og
godt og lagleg ver gangver. 47 personar var med.