Kvinesdal Historielag til Telemark 8 – 12 august 2018

Onsdag 8. august: Buss frå Liknes kl. 9.00, 22 personar medrekna reiseleder og sjåfør frå Sirdalsruta. Vi køyrde indre veg til Evje og vidare til velsmakande lakselunsj på Sølvgarden Hotel. Turen gjekk så mot Skafså med stans på Grimdalstunet. Dette tunet er unikt sidan bygningane her har stått på plassen, i alt 11 bygningar. Anne Grimdalen er kalla  «Eventyrjenta i norsk kunst». Ho reiste til Oslo og budde der i sitt vaksne liv. Men barndomen og bakgrunnen heime er synleg i kunsten hennar. Ho blei landskjent for utsmykkinga av Oslo Rådhus og for sine mange dyre- og barneskulpturar. Ekstra interessant var ein film der Anne Grimdalen fortalte og synte korleis ho arbeidde.
Det var 9 km ned til Dalen på bratt svingete veg. Her sjekka vi inn på det eventyrlige Dalen Hotel. Etter orientering om historia til hotellet, var det middag med and til hovudrett.
Dalen Hotel er bygd i 1894 i sveitserstil, har hatt mange eigarar, konkursar, restaureringar og nyåpningar. Nå har hotellet både fått Olavsrosa og Sølvmedalje av Europa Nostra.

 

Torsdag 9. august starta med bussen til Ulefoss og omvising på Ulefos Hovedgaard.  Bygget er rekna for Norges viktigaste empirebygning, bygd av Niels Aall i 1807. Vår ualminneleg flinke omvisar fortalde om hus, inventar og familiar og ho kunne svara på alt vi spurde om.
Så var det ein kort køyretur til Lunde med lunsj på Lundesluse Kro medan vi venta på kanalbåten «Henrik Ibsen». På den to timars kanalturen opplevde vi Vrangfoss Sluser med fem slusekammer med 23 m høgdeforskjel. Sjølve Vrangfossen går i eit gil medan slusene er hogd inn i fjellet.
Attende til Dalen var det vel ein time til middag. Då fant seks av oss på at vi ville gå til husmannsplassen Rui. Frå Dalen var merka sti bratt 1,5 km opp til plassen. På stien steinlagt av sherpaer, gjekk det raskt oppover til plassen som nå høyrer til Telemark Museum og er halden fint i stand. Det var til og med ekte geranier i vindauga i husmannsstova. Utsikten over Bandak, som dei små Rui-systrene var så glade i, kunne vi og nyta.

 

Fredag 10. august blei ein våt og blåsande dag. Heldigvis skulle vi vera mest inne denne dagen. Første stopp var på Eidsborg med Eidsborg stavkyrkje og Vest-Telemark Museum. Stavkyrkja er frå 1200-talet, tjørebreidd og vigsla til St. Nicolaus (lokalt kalla Nikuls). Gardstunet har Europas eldste verdslege trehus: Stålekleivloftet frå 1167. Vi finn også ein modell av Telemarkkanalen med båtar, sluser og kraftverk, populær for barn.
Aasmund Olavson Vinje var fødd for 200 år sidan, i 1818, og vi var inne i barndomsheimen hans, Vinjestoga. Her fekk vi høyra om livet hans og sjå møblar og ting frå heimen, blant anna bjølla til Lykle. Forteljar Anne her var ekstra god å høyra på med sitt fine talemål frå Vinje.
Lunsj denne dagen åt vi på Mjonøy Kultur- og Handverksenter og det smaka ekstra godt med varm kjøt/ertesuppe denne dagen. Dette er tusenårsstaden i Vinje. Turen gjekk til Rauland Høgfjellshotell – og her var det TV ( det var det ikkje på Dalen), så vi fekk med oss Ingebretsenbrørne som sprang fort.

 

Laurdag 11. august: Blå himmel og sol, men litt kjølig. Dette var Rjukandagen vår, vi køyrde gjennom Rjukan og rett opp til Gaustabanen som på 15 minutt tok oss først 860 m inn i fjellet og så bratt opp til 1800 m. Etter turen inni fjellet, var det fantastisk å koma ut i lyset og sjå så mykje av landet herfrå. Vi måtte sjølvsagt opp til turisthytta og smaka vaflane. Sherpane hadde lagt stødige trappetrin. Langt nedover såg ein folk som streva seg i siksak oppover steinura. Dagen før hadde det ikkje vore folk her oppe i ruskeveret, så vi var heldige.
Etterpå gjekk turen til Rjukan by der vi vandra litt rundt på eiga hand. Det var folksamt i byen der eit sykkelløp heldt på. Lunsjen åt vi på Admini hotell – flott trebygning i jugendstil bygd av Sam Eyde i 1908, og tidlegare administrasjonsbygg for Hydro. Vi fekk ein stor tallerken med sers mykje godt på. Så var det ein kort køyretur til Vemork der vi måtte ta ein shuttlebuss opp til fabrikken. Vi blei vist rundt i kraftverket av ein kunnskapsrik omvisar. I maskinhallen var det store dimensjonar på alt. Verket var ferdig i 1911, då rekna som verdas største. Straumen gjekk til Rjukan Salpeterfabrikk og seinare til Hydrogenfabrikken. Tungtvann og sabotasjeaksjonane under krigen var også med i omvisinga. 

 

Søndag 12. august var siste frukost på turen og avreise frå Rauland. Første stans var Morgedal Skimuseum med omvisar som fortalde om Sondre Norheim og leia oss rundt i fleire rom med interessante utstillingar, mellom anna om Olav Bjaaland som var med Amundsen på Sørpolen. Til slutt såg vi ein spektakulær skifilm på tre lerret.
Etter Morgedal tok vi ein rask sving om Kviteseid der Jakob og Astrid Olimstad viste oss «Utflyttarbautaen» i Kviteseid. Eit spesielt monument, skapt av Gunnar Torvund, der utvandraren er eit tomrom i steinen. For å syna kor dei reiste hen, er ein trunk frå Amerika og ein vegg med stein frå dei kommunane i Norge som har personar utflytta frå Kviteseid. Ein stein frå Knaben er med her.
Lunsjen siste dagen var matpakke frå hotellet som vi åt på ein rasteplass ved Nisservannet. Nisservannet går ned til Treungen til siste museumsbesøk. Z museum er eit heilt spesielt privat museum. Dørene blei opna kl. 12.00 den 12. mai 2012. Eigaren Johan Ziener Thronsen kom frå Oslo og frå ein familie som hadde vanskar med å kasta ting. Her er store samlingar av bilar, syklar, leiker, ein heil hattebutikk der ein kan prøva hattar, ein kopi av Notre-Dame laga av fyrstikker (det tok tre år), gamle filmar og mykje, mykje meir.
Vi avslutta turen med ein god middag på Dølen og var heime litt før klokka sju.

Turen var planlagt av Wenche frå Sirdalsbussen saman med historielaget. For tredje gong hadde vi med Arne Lervik som turleder. Arne og sjåføren John Ivar var begge med og gjorde sitt beste for at vi fekk ein flott tur. Sjølv om nokon hadde vore nokre stader før, er det alltid nytt å oppleva og greie folk å oppleva saman med. Fleire av oss har vore imponert over arbeid med stein folk før oss har greidd utan moderne utstyr; sluser, fabrikkar, murar, bruer og skulpturar.
Vi har også på denne turen hatt nokre ekstra flinke omvisarar, der dei tre på topp er dei på Ulefos Hovedgaard, i Vinjestoga og på Vemork.

Se bilder fra turen

Referat: ABE
Foto: Kristin, Anne og Anne-Berit Erfjord + Turid Stakkeland