På Stedjefjellet Kristi Himmelfartsdag, 24.mai 2009

 Stedjefjellet? Er ikkje det dei glatte fjella litt aust for Krågeland der ein hest blei jaga av ein bjørn? Og hesten klarte seg, men bjørnen ramla ned og slo seg i hel? seier folk frå Sirdal. Då må eg innrømma at eg aldri har høyrt den historia heime, men for det kan den vera sann, eller kanskje helst ei segn. Plassen blir kalla Hestespranget, fortalde Sven Egil Testad. Det hadde eg heller aldri høyrt.
 
Vi hadde annonsert start på Kleive mellom Krågeland og Stakkeland for ei orientering først sidan turen var ein Naturlostur, noen få møtte opp der. Kleive var også avslutninga på turen, og det var greitt å ha noen bilar ståande der. Vi kjørte i staden til Stedjan og prøvde å samla alle rundt kvernhuset, det lykkast ikkje heilt.

Ved det fint restaurerte kvernhuset på Stedjan vart det ei kort orientering om livet rundt Krågåne før for ein del av deltakarane. Dette kvernhuset er eit av minst seks kvernhus som har stått i Krågåne: Eit til Øvre Stakkeland og to i Hagen som tilhøyrde Kvinlaug, er vekke, det er også ei sag som stod der. To som høyrer til Nedre Stakkeland står framleis og er i god stand. Krågåne renn gjennom to juv: Storlijuvet er ganske imponerande, du finn det 50-100 m frå RV 42 på toppen av Stakkelandsbakkane, noen var borte og kikka på det etter turen. Kleivsjuvet litt lenger nede har ein fin liten foss, ikkje fullt så imponerande. ( Viser til boka Mange bekker små om noen vil vita meir..)

Vi hadde to alternative ruter til toppen: Ei med stigning i fleire etappar for dei vakre og vennlege, og ei litt brattare for dei som i tillegg var litt vågale. Oddvin Stakkeland hadde rydda litt på den bratte løypa og hengt opp ein stige til hjelp på ein utsett plass, takk til han. Dei fleste tok denne ruta. For oss andre var det største problemet å kryssa åne etter mykje nedbør, det gjekk bra. Vi nådde toppen litt etter dei andre, men hadde heldigvis presten med oss, gudstenesta kunne ikkje starta utan han.

Presten i år var Sigurd Flydal frå Sirdal, kyrkja der var medarrangør saman med kyrkja i Kvinesdal og historielaget. Han var ein av sju sirdølar, til saman talde vi 45 personar på toppen, muleg det var noen fleire. Oddbjørn Stakkeland spelte trompet, flott som alltid.
Heimturen gjekk om Selandsdalen, litt myrete og ulendt i starten, resten på skogsveg, bare utforbakke. Noen av oss som ikkje hadde det altfor travelt var så heldige å få ein pause med pølsegrilling halvvegs, Aril Stakkeland stod for den hyggelege overraskinga. Han har ordna rasteplass med stolar og bord av stein ved Stemtjødn.

Og vi hadde opphaldsvær så å seia heilt til vi var på Kleive og kunne setja oss i bilane.

Se bilder fra turen


 
TS