Fottur til Stangborli


Siste sommarturen til Kvinesdal Historielag 2018 gjekk til Stangborli.  Klokka 11 var det samla vel 40 i Modalsli. Vegen mellom Ersdal og Modalsli var smal, bratt og låg høgt over Sirdalsvatnet. Den gamle skulevegen vidare til Stangborli, fortsatte på same måte, bratt ned, bratt opp, endå brattare opp med tau til hjelp til vi kom opp på Bukkeknuten og såg ned på garden. Så var det ein halvtime bratt ned der det var brattare på nedsida av stien. Siste stykket var deilig å gå og snart såg vi grøne marker, to kvite hus, ei bu under restaurering og mange flotte folk som helste oss velkommen.

Eit gamalt sagn seier at dei første som busette seg, var nokre fredlause som kom over heia, her følte dei seg trygge. Seinare er det dokumentert 11 generasjoner som har budd her.

Den vanlegaste vegen var 200 m bratt ned til Sirdalsvatnet og vidare med båt. Vegen her er flott å gå, men når ein tenkjer på alt dei har bore her,  så må det ha vore sterke folk som har vakse opp i lia.

Garden blei fråflytta i 1965. Siste familien som budde her, hadde fem barn. Oddbjørn og Thea fortalde om skulevegen som anten gjekk ned til vatnet, vidare med robåt eller på isen og så opp til Modal, eller skulevegen vi gjekk på. Vi som gjekk i dag, tykte det var utruleg at det gjekk bra. Men det gjorde det, barna måtte ta ansvar sjølv i all slags ver og føre, om vinteren i mørke begge vegar.

Stangborli var kjent for å ha gjestfrie folk, og alle som kom, måtte få mat. Dette fekk vi oppleva, grillpølser med meir var snart klart på tunet.

Familien her måtte mest muleg greia seg med det dei hadde på garden. I 1960 var det ein okse, tre kyr, 15 sauer og ein gris. Mestedelen av den dyrka marka blei brukt til poteter. Høy til dyra måtte dei slå på slåter og heieteigar og få heim med slede eller ski. Av sauene blei ulla brukt til garn og klede. Fleire diplom på veggen  i gamlestova vitna om flinke håndverkerar.  Fleire hadde høyrt om Ole Stangborli sin sauebjøller.

 

Nokre av oss gjekk ned til Sirdalsvatnet og blei frakta med båtar til nedanfor Modalsli. Denne bratte vegen ned hadde dei siste barna på garden brukt til å læra seg å sykla på – og så hadde faren bore syklane opp att! Mest ikkje til å tru.

 

Oddbjørn Stangborli var med på skulevegen og heldt passe fart og hjalp oss opp med tauet. Men vi brukte to timar inn, litt raskare tilbake. Det blei ein fantastisk tur – vel ikkje den lengste, men utan tvil den tøffaste vi har hatt.

 

Ein stor takk til Oddbjørn og resten av slekta som tok i mot oss. Alltid moro å møta folk frå kommunane rundt oss. Det var Kenneth saman med Oddbjørn som hadde planlagt turen. Kenneth kunne ikkje vera med, men fleire sa han måtte gå turen seinare.

 

Se bildar frå turen.

 

Referat og foto: ABE