Slektskveld på Kvinesdal Bibliotek 9. februar 2011

Serien på fjernsynet der kjende folk leitar etter sine forfedre hadde visst inspirert ca 35 personar som møtte opp denne kvelden.

Det var DIS Vest-Agder som skulle informera om laget sitt, og korleis bruka data i slektsgransking.

Per Valebrokk, leder i laget, presenterte laget som er stifta i 1990.

Karl Arnt Skarpeid hadde drive slektsgransking frå tidleg alder og hadde vore så oppslukt at han ikkje hadde tid til å gifta seg før han var 30 år. Han viste fleire eksempel på slektsbøker og kom med tips om kjelder.

Johannes Risnes som er fjotlending og har dei fleste personar frå Fjotland og Kvinesdal i sine filar, greidde spesielt ut om å finna personar i Amerika.

Fleire hadde spørsmål og kommentarar. Det blei ikkje så mykje tid til å gje råd til dei enkelte, men det kan vera vi kan få til fleire kveldar. Kenneth Trælandshei takka dei tre som hadde tatt turen frå Kristiansand. DIS Vest-Agder ser gjerne at det kan koma eit lokallag i Lister.


ABE