Tur til Setesdal 28. april 2019


Turen starta søndag 28. april kl 09.00 frå Promenaden med stappfull buss etter det hadde kome på tre på vegen. I småregn og litt skodde gjekk turen raskt om Evje og opp til Setesdalsmuseet på Rysstad. Her sto nytilsett «direktør» Leonhard Jansen klar til å visa oss delar av museet. Sidan dei ikkje har starta sesongen, måtte han gjera mykje arbeid på førehand. Han oppfordra oss til å koma att til sommaren då dei skulle ha klar ei utstilling om strikking og Annemor Sundbø.
 
Han fortalde om dalen og folka og at det var ikkje sikkert dalen hadde vore så avstengt og isolert som mange har sagt. Seinare funn, med bl a. eit flott sverd frå vikingtida der det truleg var detaljar som tyda på at det var frå ei brytingstid mellom den gamle gudetrua og kristendomen. Leonhard samanlikna med Kvinesdal og funna under kyrkja.  Så gjekk vi rundt litt på eige hand og Leonhard fortalde om dei fargerike «dalekleda» som enkelte brukte dagleg til utpå andre halvdel av 1900-talet.

Turen gjekk så til Sylvartun der han låste oss inn og fortalde om staden mange kjenner frå før. Så dukka Kirsten Bråthen Berg opp, der ho hadde eit avbrekk frå travel sauelemming. Vi fekk høyra fleire slag kveding frå dalen med bånsullar til slutt. Dette sette vi stor pris på.
Turen blei avslutta med middag på Sølvgarden, der vi også var i fjor. Gode porsjonar med laks eller svin smaka godt.

Etter eit ekstra kraftig regnver, var bekkar og elvar brusande og store, ikkje minst Reiersfossen. Sjåfør for denne store bussen frå Sirdalsbussen var Jon Ivar som mange av oss hadde vore med før, vi følte oss trygge med han. Vi var heime på Promenaden litt før seks, så dei som ville på konsert i kyrkja, rakk det.

 

Se bilde frå turen

 

Ref.: ABE

Foto: Kenneth Trælandshei