Salmelidagen 28.07.07

Om lag 200 menneske hadde trossa veret og drog til Salmeli. Dette var tredje gonga kulturdagen blei gjennomført. Arrangementet starta med eit flott folkemusikkonsert med mykje lokalmusikk frå Fjotland. Sverre Eftestøl hadde den musikalske leiinga. Kulturdagen vart i år ein del av VestAgder fylkeskommune sin Naturlosprogram med planlagt tur til Atlakstøl. På grunn av stor vassføring i elver og bekkar så kom ein ikkje heilt til Atlakstøl.

Solveig Egeland leia kulturdagen på ein flott måte. Ho fortalde litt om kva som har skjedd i Salmeli dei siste åra.

Den kjende folkemusikkudøvaren Halvard T. Bjørgum spelte salmetoner og folketoner frå distriktet. Andre musikarar var Oddbjørn Stakkeland på piano, Anne Ingebjørg Eftestøl på fiolin og Kenneth Trælandshei og Nils Ro med barn spelte fele. Wenche Hunsbedt Svindland bidrog med song. Sigbjørn Rua hadde ei flott framsyning i hallingdans.

Ordfører Odd Omland hadde offisiell opning av den gamle restaurerte løa over bekken. Denne løa er fleire hundre år gammal.

Historielaget retter ein stor takk til alle i Salmeli som er med å gjere denne dagen mogeleg.

Se bildene...

KT