Ryfylketur


Vi laga ein tre dagars busstur til Forsand, Hjelmeland og Suldal.
 
Første stopp var fortidslandsbyen Landa i Forsand. Ei av husfruene der tok oss med på ein runde der vi var inne i både bronsealderhuset og gildehallen frå folkevandringstida. Stolpar viste kor fleire av dei andre husa var plasserte. Etter lunsj på Lysefjordsenteret, tok vi ein kort avstikkar ut til helleristningane på Solbakk. Utanfor Gamlakyrkja i Årdal sto Kåre Jordal klar til å visa oss og fortelja om kyrkja. Vi overnatta på Høiland Gard i Årdal og fekk ein god middag og frukost i løebygningen.

Neste morgon køyrde vi til Fister. Helgøyekspressen med Jon Arne Helgøy ved roret og mikrofonen tok oss på tur gjennom smale sund og rundt øyar i Finnøy. Kona Olaug serverte kaffi, eple og eplesaft frå fruktgarden deira på Helgøy.
Til Jelsa kom vi då sjøvegen, og steig i land nedanfor kyrkja. Her venta Ingvar Olimstad og Laurentsa Wigestrand på oss. Laurentsa fortalde om Jelsakyrkja og song ei salme som vart laga til 350 års jubileet for kyrkja i 1997. Vi var også i skulemuseet med Laurensa og fekk høyra meir song der. Då vi slutta av med ”Fager kveldsol”, var det fleire som tenkte på sin eigen skulegong der denne songen avslutta dagen.

Turen gjekk så til Israelsneset der Trygve Høivik sto ved vegen og losa bussen ned den smale vegen til fjorden. Valborg og Trygve Høivik driv med utleigehytter og har gardsmuseum i eit gamalt sjøhus. Etter kaffi og mat, fortalde Trygve ekte og levande om garden og alt som han hadde samla. I andre etasje slutta vi besøket med at Trygve spela på trøorgelet og vi var med på alle versa av ”Mellom bakkar og berg” (11 vers!). Bussen køyrde så om Erfjord, Jøsenfjorden, Ulladalen, Gullingen, ned til Suldal og til Ryfylke Fjordhotell på Sand. Ingvar Olimstad fortalde om stader og hendingar langs vegen. Om kvelden hadde vi ein velsmakande middag på hotellet. Ingvar og kona Torbjørg var med oss her saman med Magnhild og Lars Bakka. Tor Mygland hadde vore saman med Lars i Egypt og dei friska opp mange minne.

Siste dagen var vi først på Ryfylkemuseet som ligg rett ved hotellet. Ingvar tok oss så med på ei lita vandring på Sand der vi fekk sjå kulturhuset og ein utvandrarstatue av Kari Hjorteland laga av Sigurd Nome. Det flotte nye amfiet overraska og imponerte. Bussen tok oss opp dalen så langt at vi fekk sjå Suldalsporten, etterpå gjekk vegen til Lindum Lakseslott. Slottet blei bygd av Lord Sibthorp i 1884 og har hatt mange funksjonar seinare. Vertinna på Lindum fortalde om historia til lakseslottet, vi fekk gå rundt i romma og slutta av med eit godt laksemåltid.

Ryfylke har ein variert og flott natur og vi traff folk som fortalde og representerte Ryfylke på ein ekte og flott måte, dei fleste på sin dialekt frå staden. Heldig med veret var vi. Det var stille på sjøen og då det regna, sat vi i bussen.
Ein sporty og sikker sjåfør var Tom Arne Tobiassen. Medrekna han, var vi 20 på turen.
 

Se bilder turen