Rørdal – Klungland - Drange med Kvinesdal Historielag

Naturlosturen til Kvinesdal Historielag i Lister, blei ein flott tur. Rundt 50 var med bussen frå Kvinesdal. På Rørdal sto ein like stor flokk, så heile 99 personar vandra på rekke og rad etter Magne Rørdal oppover skogsveien som tok av Unna Lekleiva på Den gamle postveien. Turen vi gjekk, var ein vei folk i eldre tid brukte mellom gardane og ned til Drange der ein kunne bruka båt til Farsund og vidare ut i verda. Etter ein liten stans ved Varen, delte flokken seg og ein del tok turen til Mannefoden som nok er laga av naturen. Men ”avtrykk” av foten og eit sagn om ein som skulle bera tårn til hellaren Kjørka, gjer dette til eit kulturminne som ikkje må gløymast.

På toppen av Varheia er utsyn over Drangsfjorden og mot Sande. Stien nedover gjekk gjennom myrdrag, krattskog, fjell og litt større lauvskog til vi kom til slåtene på Klungland. Forbi Krågeleet, eit naturleg pass, måtte vi ut på fjellet og få oversyn over garden med det velholdte kulturlandskapet. Matpausen blei tatt midt i garden. Fleire blei minna om sin barndom på gardar der dei slo reinene og passa på å få med kvart grasstrå. Steinhagar og bekkar var steinsette og synlege.
Ein del av turfolka gjekk same vei tilbake til Rørdal. Dei fleste gjekk bilveien ned til Drange til bussen med vår sjåfør Tom Arne Tobiassen. Drangsåna var ikkje så stor denne dagen, men imponerande å sjå der naturen hadde laga ”trappetrinn” der brua kryssar åna.

Magne Rørdal frå Lyngdal og Anne-Berit Erfjord frå Kvinesdal Historielag prøvde å styra flokken og kom med informasjon. Veret var på topp og det var ekstra moro at så mange nye folk var med, folk frå heile Sør-Norge. Vi brukte vel fire timar på turen med god tid til pauser.

Se bilder fra turen.


ABE