Naturlostur til Øyvasslega

I strålande turver la 44 deltakarar i veg frå Sanden og opp Benkeheia.Med Tor Mygland i teten var tempoet heile tida passelig, og i fleire små pausar blei det fortald både om hoppbakkar , langrennsløyper , byggjing og riving av dammar og anna.Sør for Finndalsvatnet ligg det ein stor esker og i hommen ved store Øyevatnet er det ei sers tydelig tunge av ein endemorene.

Ved sjølve Øyvasslega ligg det store steinblokker med hellarar under , tydelige restar av leveggar og ein markert grasbakke rundt. Ein kan ennå sjå at det her i si tid er blitt gjødsla med husdyrmøkk. I golvet i den eine hellaren blei det i 1980 funne flintavslag som kanskje skriv seg frå steinalderen.

Etter ein god matpause fortalde Tor om legegjetinga som det var mye av i desse heiane på 1800-tallet og fram til rett etter 1900.
Turen tilbake til Knaben gjekk over toppen av Øyvassheia , 901 m .Herfrå er det fint utsyn i alle himmelretningar ,mest til fjell og vatn , men ein ser og dei grøne dyrka jorda på "gamle Mygland. "
" Og alle var samde om at det hadde vore endå ein fin tur".

Se bilder fra turen

S.R.